Diskusjon:Måling

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er greitt å vise til meir enn berre brukaren som har lagt ut biletet, tykkjer eg. Det naturlege då er å vise til Wikimeda Commons og brukaren i same andedrag ;-) (Biletet er å finne på commons)

Eller er eg på villspor? / Kurtber|Ordskifte 21. okt. 2005 kl. 15:52 (UTC)

Commons er som oftast berre oppbevaringsstad for biletet og har såleis lite med opphavet å gjera. Ved å trykke på lenkja eller direkte på biletet får ein òg opp informasjon om at biletet kjem frå Commons. I motsetnad til Scanpix og andre biletebyrå så har ikkje Commons nokon motiverande rolle i seg sjølv verken med betaling eller andre insentiv. Eg tykkjer ikkje det er nødvendig å nemne Commons, normalt ville ein jo lenkje til brukarsida åt opphavsmannen på Commons. --Guttorm 21. okt. 2005 kl. 20:58 (UTC)
Å nemne Commons som biletkjelde er vel omtrent så relevant som å nemne at ei biblioteksbok er henta frå ei bokhylle, ja... :) (Vi bør faktisk helst laste opp alle bileta til Commons i utgangspunktet.) Eg stemmer for å taka bort commons-referansen her, sidan opplysninga i grunnen berre tek opp ekstra plass utan å ha nokon praktisk nytteverdi. -- Olve 21. okt. 2005 kl. 21:17 (UTC)

Måling er dette oppslagsordet, pluss to ulike verb som dreiar seg om to svært ulike aktivitetar. Eg synest ikkje den eine tydinga er større eller viktigare enn den andre. Det å måla fysiske storleikar kan me leggja under måleteknikk, men det er truleg den vanlegaste tydinga av ordet måling for ein leksikonbrukar (og det er ein kjerneartikkel). Fleirtydingssida? --Tannkrem 18. mars 2009 kl. 22:46 (CET)[svar]