Diskusjon:Magerøya

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europas nordlegaste punkt-er ikkje det på Svalbard? Magerøya er heller ikkje fastlandet.Stormkast 14:50, 11 desember 2006 (CET)

I fylgje Wikipedia på engelsk er det nordlegaste punktet i Europa en:Cape Fligely på Rudolføya i Franz Josef land.
Det som verkar greit er at Kinnarodden er det nordlegaste punktet på fastlandet i Noreg og Europa, og at Knivskjellodden er det nordlegaste om ein ser på fastlandet med nærliggjande øyer, og at på Nordkapp må ein betale inngongspengar for å kome bort til landkanten.
Store norske leksikon seier: «Det nordligste punkt på Magerøya er samtidig Norges nordligste punkt, Knivskjellodden (71° 11ʹ 9ʹʹ n.br.).», men for å få det til å stemme kan ein ikkje ta med Svalbard i berekningane sine, samstundes som ein tek med dei øyene som ikkje ligg for langt frå fastlandet. --Jorunn 21:38, 11 desember 2006 (CET)
Og så må det leggjast til at det kan diskuterast om Franz Josef land er i Europa eller Asia, artikkelen en:Extreme points of Europe opnar i alle fall for at det kan diskuterast. Viss Franz Josef land ikkje er i Europa vert det nordlegaste punktet i Europa nordenden på Rossøya på Svalbard. --Jorunn 21:50, 11 desember 2006 (CET)