Diskusjon:Magnus Carlsen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Detaljrikdom[endre wikiteksten]

Det har vore mykje god jobbing med denne artikkelen, og den fungerer no når Magnus Carlsen er sopass ung. Men ein kan tenkje seg at om dette held fram, så vil artikkelen bli vel detaljrik på Carlsen sin 25 årsdag. Kanskje noko å ha i bakhovudet allereie no. --Bep 27. juni 2008 kl. 21:39 (CEST)[svar]

Hei, og takk for innspel! Eg er merksam på at artikkelen er for lang, og at eit leksikon visstnok ikkje har følelsar, dvs ikkje skal vise begeistring :) - omskriving er såleis neste steg i prosjekt Magnus Carlsen, der eg mellom anna planlegg å flytte ein del stoff over til eigne sider. --Egil Arne 6. juli 2008 kl. 18:47 (CEST)

Flott! Tenkte eg skulle halda fingrane frå fatet sjølv, for då kunne eg visst koma til å skjera ut og kasta for mykje. Ein må nok læra seg å tøyla begeistringa. Det er kanskje ikkje så farleg i Carlsen-artikkelen, men det ville ikkje tatt seg så godt ut med «Heldigvis fekk dei kappa hovudet av kongen»... --Ranveig 6. juli 2008 kl. 18:52 (CEST)

Er det nokon bestemt grunn til at ein ikkje skal ha direkte eksterne lekkjer i teksten? Eg har lyst til å ha direkte lekkjer, særleg til nokre av Magnus Carlsen sine sjakkparti, og no er 4 av dei på fotnotar og ein del andre står att i teksten.--Egil Arne 1. august 2008 kl. 00:17 (CEST)

Eg la inn tre innlegg som eg henta frå Brukardiskusjon:Ranveig, og som eg synest gjerne må stå her også. --Egil Arne 1. august 2008 kl. 00:29 (CEST)[svar]

Det ser frykteleg rotut ut med to ulike talsystem for referansar. Eg ville helst hatt dei alle saman i fotnotene. Då har ein også god plass til å forklara kva ein peiker til (til dømes "Magnus Carlsen sitt parti mot Sipke Ernst i 2004"). Sidan det er så tett med lenkjer til artiklar på Wikipedia elles, synest eg me bør skilja ut dei som går ein annan stad tydeleg, anten i Bakgrunnsstoff eller i fotnotar. --Ranveig 1. august 2008 kl. 00:41 (CEST)[svar]


Om eksterne lenker som endrar seg[endre wikiteksten]

Rating-lenker endrar seg over tid. Referansar av typen "Carlsen er den føste til å toppe ei verdsranking..." vil kanskje ikkje sjå slik ut om eitt år. Kanskje ein tanke å finne ein statisk versjon i Internet Archive. --Bep 8. september 2008 kl. 22:42 (CEST)[svar]

I innledningen står det at Magnus har hatt den nest høyeste rating, etter Kramnik. Jeg er ganske sikke på at det var Kasparov som hadde den høyeste ratingen, på ca 2850. Grrahnbahr 25. april 2011 kl. 01:38 (CEST)[svar]

Oppdatering[endre wikiteksten]

Artikkelen har eit betydleg behov for oppdatering - og nedkorting :) - eg skal sjå kva eg får gjort i kveld. --Egil Arne 26. april 2011 kl. 08:16 (CEST)[svar]

Er einig med deg. Eg tok vekk nokre underoverskrifter, det kan nok gjerast fleire plassar. Ellers vil eg vel helst tilrå å strippe vekk ein god del sjakkteknisk informasjon og heller prøve å slanke det ned til essensen av kva som har skjedd her og der – og så erstatte det med ref-taggar med lenker til sjakksider som har den aktuelle informasjonen. Men det er slett ingen jobb for meg. Uansett: Veldig bra jobba, sjølvsagt – credz for dét! – Pladask 28. april 2011 kl. 17:18 (CEST)[svar]