Diskusjon:Makt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er ein openberr stutt og lite utvikla definisjon, men ein start .......

RoarH 17. august 2005 kl. 18:31 (UTC)

For utvidelse se wikipedia båkmåls artikkel om makt.

- Jepp, men den er også svært så upresis. Kinkig tema. RoarH 24. august 2005 kl. 15:09 (UTC)

Definisjonen er kort og dei leksikalske tydingane er mange i høve til andre språk (latinske språk har t.d. to omgrep for makt som går attende til høvesvis potenza og podestas). Bokmålsutgåva startar med Weber (og det er bra), men misrepresenterer han ved å lage feil skiljemerke. Same også med intro av eit skilje frå Foucault som også blir feil. Kjem attende til saka når eg får høve. RoarH 24. august 2005 kl. 21:09 (UTC)

Fagspråk er sjølvsagt fagspråk og skal få lov til å vere det. Men det finst eit anna språk også, og det er det språket vi snakkar. I dette språket har ordet makt ei viss tyding, og etter mi språkkjensle er det den tydinga som er uttrykt i versjonen som ligg der no. Så kan Robert A. Dahl eller andre fagfolk velje å bruke denne termen på same måten som i daglegspråket, eller dei kan velje å bruke termen på ein annan måte. No har Dahl altså vald å bruke daglegspråktydinga (dvs. tydinga i norsk). Viss han vil bruke same definisjonen på engelsk (power) eller finsk (valta) på han bryte med daglegspråktydingane i desse språka ("power" tilsvarer norsk "makt" men også norsk "kraft", og "valta" tilsvarer norsk "makt" men også norsk "vald"). Her som i andre artiklar (t.d. frukt vil eg tru at ein god framgangsmåte vil vere fårst å gje daglegspråkstydinga, og deretter fagspråkstydinga(ne), dersom ho/dei vik av frå daglegspråsktydinga. Det gjer ho ikkje i dette tilfelle, og då kan vi seie det. Robert A. Dahl har kome fram til mange ting, og skal krediterast for mangt, men ikkje for det norske språket. Trondtr 25. august 2005 kl. 22:05 (UTC).


Eg har ikkje gjeve R.A. Dahl nokon kreditt for å ha skapt eit norsk uttrykk (trass i at han er norsk-amerikanar), nei det er ein rein samfunnsvitskapleg definisjon tilliks med dei nedanfor. Fleire ulike synspunkt på makt vil kunne kome inn og kanskje de språkfolk har ein god språkleg definisjon på makt? Artikkelen er ein spire trass alt, så den kan utviklast vidare. RoarH 26. august 2005 kl. 05:49 (UTC)