Diskusjon:Malm i Verran

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Har det blitt ny ordning med artikkelnamn sia tettstaden Malm blei flytta til Malm (tettstad)? --KRISTAGAα-ω 09:07, 2 april 2008 (CEST)

Nei, ein forvirra riksmålsmann tydelegvis. --Ekko 12:38, 2 april 2008 (CEST)
(Eg vert noko uglad av å måtte sjå brukarar her omtala som forvirra riksmålsfolk. Det er no vel det same om dei er riksmålsfolk eller ikkje, alle er velkomne til å vere med å lage Wikipedia, også Wikipedia på nynorsk, og det hender alle at dei kan verte forvirra, - meg skjer det støtt.)
Eg tykkjer artikkelen heller skal liggje på t.d. Malm i Verran. Eg trur det er meir i takt med namngjevinga her elles. --Jorunn 13:28, 2 april 2008 (CEST)
Eg kunne sjølvsagt kalt han bokmålsmann. Poenget er at denne brukaren har ei brukarside som seier at han ikkje tar imot post her, men berre på bok-/riksmålswikipedia. Og då er det heller ikkje truleg at han les denne diskusjonssida. Og Malm i Verran er klårt best. --Ekko 14:06, 2 april 2008 (CEST)
Og forvirra? Tja, å utan drøfting eller grunngjeving gå inn på ein wikipedia kor du normalt ikkje deltek eller har tenkt til å delta, og flytte rundt på artiklane? Særleg gjennomtenkt er det neppe. --Ekko 14:23, 2 april 2008 (CEST)

Eg håpar vi kan diskutere sak og ikkje om eg e riksmål, bokmål eller noke anna. Eg flytta sia på grunnlag av tilsvarende sie. Til dømes ligg administrasjonssentra (i infoboksen) til Vestby under Vestby (testtstad), Ski og andre under denne navneforma. Så eg antok at dette var regelen her, ikkje denne forma som e lite i bruk [1]. Og om du ser på brukersia mi, får du raskare svar, eg sjekkar denne sia når eg skriv her. Men bokmålsfolk er tydlegvis ikkje velkomne her. Røed (nb) 18:22, 2 april 2008 (CEST)

Alle er velkomne her, riksmåls-/bokmåls-/i-måls- og samnorskfolk, forvirra eller ikkje. Og var eg for flåsete (og det var eg) ber eg om orsaking for det. Men eg finn ikkje slike parentesar i dei artiklane du nemner så eg skjønar ikkje døma dine heilt, men finn du nokre er det fint om du seier frå. Me brukar faktisk berre parentesar i artikkel-overskrifter når det gjeld fleirtydingssider. Eg trur uansett det er best om du kjem med framlegg til endringar i praksis på diskusjonssidene. At alt er perfekt her har eg ikkje tru på, så kom gjerne med framlegg. --Ekko 18:40, 2 april 2008 (CEST)
Aha! No skjøna eg døma dine, truleg medvitslaus kopiering frå bokmålswikipediaen. Ikkje rart dei var raude. --Ekko 18:43, 2 april 2008 (CEST)
Eg trur så godt som alle kommuneartiklane vart kopierte frå Wikipedia på bokmål, i større eller mindre medvit, og kanskje også før 'parentesforbodet' var heilt innarbeidd her. Diverre er det mange av dei som ikkje har fenge særleg påfyll og gjennomgåing sidan dei vart lagde inn, mange av dei er langt skrinnare enn dei botoppretta artiklane om same emna på Wikipedia på polsk.
(Det er lov å flytte på artiklar, ein må ikkje ha sverga evig truskap til verken nynorsk eller Wikipedia på nynorsk før ein får lov til å flytte ein artikkel. Vert det gale går det relativt greit å flytte attende. Denne flyttinga var heilt tydeleg gjord i god tru, og det er det som tel. Viss ein har tenkt å flytte mange artiklar er eg samd i at ein godt kan lufte planen før ein set i gong. Det gjeld anten ein er her ofte eller meir sjeldan.) --Jorunn 22:56, 2 april 2008 (CEST)
Men det er viktig at det er system i galskapen, her og andre plassar, så diskusjon vil vel vera av det gode uansett. Og eg trur at me som grunnregel bør ha betre grunnar for å endra enn å late ting vera som dei er. Forøvrig ser eg korleis gjesten hadde gode grunnar for å tru at han gjorde ei endring i tråd med gjeldande praksis (medan eg trudde han berre ville innføre praksisen frå nabo-redaksjonen). Om nokon vil bruke denne blemma mi som eit døme på korleis det kan gå om ein bryt regelen om å «ta alt i beste meining», så gjer det. --Ekko 23:30, 2 april 2008 (CEST)