Diskusjon:Mari El

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etter Språkrådet sine transkripsjonsreglar skulle dette streng tatt vera Marij El - skal me endra artikkel-tittel? (Barend 1. des. 2005 kl. 13:43 (UTC))

Eg ser at svensk Wikipedia brukar Marij, men Språkrådet tilrår visst Mari [1]. For innarbeidde former -- kva no det er -- ser ein ofte vekk frå transksripsjon etter reglane. -- Ranveig 1. des. 2005 kl. 13:52 (UTC)

Sannelig. Overraskar meg at dei anser dette som innarbeidd - dei fleste nordmenn har vel aldri høyrd om staden. men greit nok. Kanskje ein redirect frå Marij El for dei som måtte prøva å fylgja normen? (Barend 1. des. 2005 kl. 14:10 (UTC))

Eg har vore i Mari El mange gonger, og anser den forma av namnet som særs innarbeidd for mitt vedkomande.
Men det beror kanskje på at dei nyttar fransk og/eller engelsk transkripsjon, og iallfall på engelsk heiter det definitivt Mari El.
--Verdlanco\ordskifte 1. des. 2005 kl. 14:19 (UTC)
Eg var der altså berre ein haust, men som stipendiat frå Finland. Mariarane sjølv skriv Марий, fleirtal марий-влак som t.d. i denne boka eg har heime, om marisk folkekunst, марий калык искусство. I Finland seier dei Mari, og Marin tasavalta ("den mariske republikken"), og eg må innrømme at det er derifrå eg har den j-lause forma. Ei anna sak er at eg i marisklæraren min sin uttale ikkje hørte nokon j, og sjølv sa eg alltid [mɑri] då eg snakka marisk, utan at nokon retta på uttalen min. Eg mistenkar at j-forma er eit resultat av russifisering av ortografien. Til sjuande og sist blir det eit spørsmål om vi vil transkribere eller translitterere. La meg ta dette opp med folk som arbeider med marisk til dagleg. Trondtr 1. des. 2005 kl. 20:37 (UTC).

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:19 (CEST)[svar]

[daud lenkje]