Diskusjon:Marxisme-leninisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Begge orda i bunden form?[endre wikiteksten]

Marxismen-leninismen? Eg trur ikkje eg har sett ei slik dobbel bøying av samansette ord før -- i mine auge ville den bestemte forma vera marxisme-leninismen, med berre ein n. I alle høve skal vel oppslagsordet vera ubunde, som i artikkelen om marxisme? Både Nynorskordboka og Caplex bruker ubunden form. --Ranveig 18. juli 2008 kl. 23:55 (CEST)

Me sa marxismen-leninismen, den gongen. Eg trur det kan ha noko med at det ikkje er namnet på ein type leninisme, men to politiske system nemnd i same andedrag. --Ekko 19. juli 2008 kl. 10:17 (CEST)
Som Ekko seier, dei sa marxismen-leninismen. Men eg har jo omdirigert den ubundne marxisme-leninisme dit òg. Marxisme-leninismen har eg aldri sett. --Erling 19. juli 2008 kl. 11:14 (CEST)
Marxist-leninisme(n) er òg ein god del bruka. -- Olve Utne 19. juli 2008 kl. 12:55 (CEST)
La inn omdirigeringar for alle, så fører alle vegar til Rom. Martin NH 19. juli 2008 kl. 17:25 (CEST)