Diskusjon:Marxist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det kan godt vere at eg er i ferd med å bli ein småirriterande pirkar no, men på både Bernstein og Marx vert det understreka at dei er tysk-jødiske... Er det nokon spesiell grunn til det? Hadde det ikkje vore betre å berre skrive at dei er tyske?

Understreka og understreka...Men det er greitt for meg om det står berre tysk. Ordnar du det? --Erling 13. mar 2005 kl. 2052 (UTC)
Såg at du fiksa det... Det er ikkje meininga å vere slitsom! :) kurtber 13. mar 2005 kl. 2318 (UTC)
Heilt i orden! Eg ser det som svært viktig at vi kommenterer og diskuterer og hjelper kvarandre. Eg ser au at å nemne den jødiske bakgrunnen til desse to heilt sentrale sosialistane kanskje er unødvendig i denne samanhengen. Men det var ikkje vondt meint, iallfall, det kan eg love deg!--Erling 14. mar 2005 kl. 1600 (UTC)