Diskusjon:Masfjorden kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det greit å flytte denne til Masfjorden kommune og la Masfjorden omhandle sjølve fjorden. Då slepp ein den litt tungvindte Fjorden Masfjorden (eller Masfjordenfjorden) --Frokor 02:45, 2 mars 2008 (CET)

Tungvint er det. Men eg trur dei fleste som slår opp i leksikon på Masfjorden leitar etter kommunen, trur ikkje du? --Tannkrem 10:47, 2 mars 2008 (CET)
Det vil jo stå lenkje øvst på sida. Viss folk leitar etter Masfjorden kommune vil dei uansett finne han, på same måte som dei vil finne lenkje til Årdal kommune om dei søker på Årdal, lenkje til Leikanger kommune om dei søker på Leikanger eller lenkje til Lindås kommune om dei søker på Lindås. Eg kjem til å kalle han Masfjorden i Masfjorden inntil vidare, men eg meiner Masfjorden kommune og Masfjorden om fjorden hadde vore ei betre løysing (kvifor kunne dei ikkje berre kalla kommunen Masfjord, slik som Eidfjord og Vindafjord, det hadde gjort ting mykje enklare for oss leksikonfolk...) --Frokor 12:04, 2 mars 2008 (CET)
Ja du har rett. Tidlegare praksis tilseier at fjorden bør liggja her. Eigentleg er eg meir usamd med denne praksisen i døma du trekk fram enn i dette tilfellet. Eg ser ingen gode grunnar til at t.d. Lindås skal vera fleirtydingssida (og berre kommunen har artikkel, ingen av dei andre fleirtydingane!), men i dette tilfellet synest eg faktisk du har eit poeng med det kronglete oppslagsordet. --Tannkrem 15:07, 2 mars 2008 (CET)