Diskusjon:Maskindans

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maskindans og Dance Dance Revolution[endre wikiteksten]

Ser at Maskindans og DDR vert jamstilt, men når eg ser på den engelske sida, så vert dette kanskje ikkje heilt rett.

Eg trur at DDR etterkvart bør inn som ein eigen artikkel om maskina, med vidare. Maskindans, sjølv om det er basert på DDR, høyrest ut som eit meir generisk uttrykk som kan brukast om andre liknande system. Òg fenomenet DDR, på verdsbasis, bør òg inn ein stad, anten her eller der eller ein heilt annan stad, til dømes Fenomenet Dance Dance Revolution. -- Larsivi 30. mai 2005 kl. 0901 (UTC)

Sjølv er eg heilt einig i at det norske ordet Maskindans rommar DDR og liknande former for maskindans. Både Konami-maskinene (med kraftige lys i kvar einskild trykkeflate), Playstationmatter og meir avanserte matter til Playstation og/eller PC. Om det var Snorre Bryne som kom opp med ordet til dagbladartikkelen Klart for europacup i maskindans (15.03.2005), veit eg ikkje. DDR står for Dance Dance Revolution og er kanskje beskytta som varemerke? På DDR Norway sin Ofte stilte spørsmål står det: "DDR (eller maskindans generelt) er helt åpenbart en idrett..." --Hemo 6. jun 2005 kl. 0805 (UTC)