Diskusjon:Medieval II: Total War

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fair use-bilete[endre wikiteksten]

På Engelsk Wikipedia er dei fleste bilete frå dataspel såkalla fair use-bilete; gjeld dette konseptet for NN.wiki også, slik at ein kan lasta opp filene her? T.d. coveret. Harald Khan 19:26, 28 november 2007 (CET)

Nei, det gjer det dessverre ikkje. Allmenne oppslagsverk som det Nynorsk Wikipedia er har ikkje unntak frå andsverkslova, og alt innhald lyt vera eksplisitt tillate av alle opphavspersonar med unntak av dei falla der opphavspersonen døydde for minst 70 år sidan eller ved anonyme amatørverk av minst 50 års alder. -- Olve 19:46, 28 november 2007 (CET)
So vi kan ikkje poste reklamebanner (t.d. ifrå pressepakken eller av typen [lenk hit]) eller skjermbilete (som vi har tatt sjølve eller henta frå pressepakken)? Merkelege greier. Har vi forsøkt å få til ei standardordning med ein masseutgjevar nokon gong? Eg synst dette er merkeleg politikk. --Krekling 20:47, 28 november 2007 (CET)
Ein standardavtale med distributørar/produsentar om å gje spela/programvara som GFDL (lisensen vi nyttar!) hadde vore å føretrekkje... :D. Som dei seier, det er skilnad på «free beer» (gratis) og «free speech» (fridom). --Anders 19:18, 29 november 2007 (CET)