Diskusjon:Menneskeanatomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Burde ikkje denne heller liggja på det meir nynorske menneskeleg anatomi eller anatomi hjå menneske? --Tannkrem 14:04, 5 desember 2006 (CET)

"Menneskeleg anatomi" synest eg blir tvetydig. (Finst det umenneskeleg eller bestialsk anatomi? Er det viviseksjon det er tale om?) Anatomi hjå menneske er slett ikkje dårleg, men her manglar eg litt nynorsk språkfingerspisskjensle. Eg er open for det meste. --Ekko 14:31, 5 desember 2006 (CET)
Eg synest anatomi hjå menneske er fint, og utvetydig. Kanskje nokon heller ville ha brukt "hos" eller "på", men me kan jo alltids laga ein drøss med omdirigeringar, og hjå er eit vakkert ord som me bør bruka meir. Me kunne òg ha skrive "mennesket sin anatomi", men det er ikkje mykje betre enn menneskets. Kanskje i ei setning, men ikkje i eit artikkelnamn. --Tannkrem 14:36, 5 desember 2006 (CET)
«Menneskeanatomi»? --Ranveig 14:38, 5 desember 2006 (CET)
Eg føretrekk framleis "anatomi hjå menneske", trur eg, men ditt forslag er òg bra. --Tannkrem 14:42, 5 desember 2006 (CET)
Denne artikkelen handlar jo eigentleg mest om anatomifaget. Ein artikkel som handlar særskilt om mennesket kan jo òg heita menneskekroppen. --Ranveig 14:45, 5 desember 2006 (CET)
Veldig samd med deg her, Ranveig. Men å skrive oversiktleg, klårt, få med alle underfelt, stutt (informasjonen skal vera i andre artiklar) og på god flytande norsk, det er ikkje lett. Bolken om organ i denne artikkelen her tar me ut når me har skrivi menneskekroppen. --Ekko 14:54, 5 desember 2006 (CET)

Alfabetisering[endre wikiteksten]

Bør denne artikkelen alfabetiserast under A for Anatomi eller M for Menneske? --Tannkrem 16:13, 5 desember 2006 (CET)

Menneske, trur eg. Men heile kategoristrukturen innafor helse og medisin må gåast opp. Eg har eit lite prosjekt på gang saman med Olve, men alle kategori- og/eller medisininteresserte er velkomne. Når det gjeld kategoriar på dette feltet har eg for å gjera det lett tenkt på å planke Category:Health sciences. Kva trur de? --Ekko 16:49, 5 desember 2006 (CET)

Menneskeanatomi[endre wikiteksten]

Alt i denne artikkelen er i grunnen det same med dyreanatomi i svært stor grad. Eg føreslår å gjera perspektivet litt breiare — t.d. med å samanlikne kva dorsal tyder i retningssamanheng i menneskeaper og storfe — og kaudal gjev meir meining når ein tenkjer på kattar... Det gjev ein god peikepinn om kva artikkelen burde heita når innleiinga seier: «Anatomi (frå gresk anatomia, oppskjering) er vitskapen om bygnaden til organismar.» Så flytt han gjerne til anatomi. :-) Olve 17:50, 5 desember 2006 (CET)

Me nyttar faktisk kaudal om menneske òg, det er vel særleg når me driv inne i brysthola. Ein grunn til at eg likar menneskeanatomi godt, er at eg ikkje veit noko særleg om språkbruken når det gjeld dyr bortsett frå gris. Men det er vel best om me får skrive den gode artikkelen om menneskekroppen, så kan alt artsspesifikt gå dit. --Ekko 08:40, 6 desember 2006 (CET)
Ja, det er nettopp det som er poenget: Kaudal blir bruka om menneske òg, men om vi skriv meir generelt her, så har vi noko å hengje ordet kaudal på — slik som ein hale... :-) Eg veit vel ein ting eller to om dyreanatomi, så eg blir gjerne med på ei generalisering av anatomisrtikkelen i den grad eg har tid. Ein skikkeleg artikkel om menneskekroppen bør vi òg ha, ja. Olve 23:55, 7 desember 2006 (CET)
Anatomi er no oppretta. --Ekko 14:11, 9 desember 2006 (CET)