Diskusjon:Metafor

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nokon gonger seier ein at nokon er "den store stygge ulven" i ein eller annan samanheng. Er dette ein metafor eller ein allegori? Slik eg forstår artikkelen her, så er det ein metafor, men eg trudde ein brukte uttrykket "allegori" i slike samanhengar? --Oddeivind (diskusjon) 24. august 2013 kl. 19:02 (CEST)[svar]

"Den store, stygge ulven" er ein metafor, ja. Ein allegori er ein "utvida metafor" ifylgje Store Norske Leksikon, og blir heller brukt om heile tekstar, t.d. Pilgrims vandring som er nemnt her. Eit anna godt døme på ein allegori er Narnia-bøkene, der dei forskjellige figurane er skrivne som symbol på den kristne forteljinga - Aslan symboliserer Jesus Kristus, heksa symboliserer djevelen og så vidare. HallvardLid (diskusjon) 26. august 2013 kl. 12:14 (CEST)[svar]