Diskusjon:Michelle Obama

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vi brukar vel ikkje å ha med pressidentfruer berre fordi dei er presidentfruer ?--Andreasv 8. juli 2009 kl. 17:45 (CEST)[svar]

Nei, me har pleid å sletta dei før. Anders 8. juli 2009 kl. 18:56 (CEST)[svar]

Det som står under er kopiert inn frå Diskusjon:Tor Erling Staff av Ranveig 10. juli 2009 kl. 00:07 (CEST)[svar]

Kvifor har dokke artikkel om Tor Erling Staff og ikkje om Michelle Obama? Ho er vel ganske mykje meir kjend og leksikonverdig? Dette usignerte innlegget vart skrive av 80.213.43.216 (diskusjon · bidrag) 8. juli 2009 kl. 21:04

Dette lurar eg også på? Andre wikipediar har jo artikkel om ho, og kvifor skal ikkje USA si førstedame ha artikkel her? --Cato 8. juli 2009 kl. 21:05 (CEST)[svar]
Det er fritt fram for den som vil skrive artikkel om Michelle Obama. --Egil Arne 8. juli 2009 kl. 21:19 (CEST)[svar]

Det er eg sjølvsagt klar over, men tidlegare i dag blei det laga til noko rart som gjer at om ein søkjer på Michelle Obama vert ein omdirigert til Barack Obama. Dette er litt som å seie at vi ikkje treng artikkel om ho. --Cato 8. juli 2009 kl. 21:42 (CEST)[svar]

Vi har ikkje artiklar om den som berre er kjend som ektemake til kjende personar. Fleire artiklar, og om presidentkoner, er sletta av den grunn.--Andreasv 8. juli 2009 kl. 21:47 (CEST)[svar]
Men Michelle Obama er jo advokat, og vi har artiklar om ei rekkje andre juristar. Både kjende og mindre berømte. Er alle med jusutdanning leksikonverdige? Eller er det berre utvalde advokatar som får vere med her? Korleis kan ein egentleg rangere kven som er kjende nok. Og kvar står vedtaket om at det er forbode å lage artiklar om førstedamer. Det er jo ein viktig diplomatisk posisjon, og diplomatar er då leksikonverdige. Er dei ikkje? Det eg synest blir feil er å omdirigere "Michelle Obama" til "Barack Obama", sidan ein då hindrar søkjaren i å få opp alternativet: "Skriv artikkel om Michelle Obama". Nok ein gong verkar det som om enkelte her inne vert alt for opptekne av og konsekvent gjere det motsette av det andre wikiar gjer. --Cato 9. juli 2009 kl. 03:45 (CEST)[svar]
Alle advokatar er neppe interessante for verken Wikipedia eller andre leksikon. Dei kjem vel i utgangspunktet på omtrent same linje som arkitektar. Somme teiknar operahus eller har store saker i høgsterett og skriv bøker, andre teiknar garasjar eller spesialiserer seg på opphavsrett. Alt dette er arbeid som trengst, men ikkje alt er leksikonstoff.
Når det var semje om at det å vere gift med nokon, i dette tilfellet ein president, i seg sjølv ikkje er grunn for å ha artikkel om henne er det heller ingen grunn til å ha namnet lenkja. Viss det ikkje er meir å seie om henne enn at ho er advokat og det som har med forhaldet hennar til Barack Obama å gjere kan det like gjerne stå i artikkelen om Barack Obama. --Jorunn 9. juli 2009 kl. 04:38 (CEST)[svar]
Eg er usamd i at vi ikkje kan eller skal ha artiklar om presidentkoner, eller om andre personar som er kjende som ektefellar til kjende personar. Å vere ein svært kjend person, som Michelle Obama er, er i seg sjølv etter mi meining tilstrekkeleg for å vere leksikonverdig. Så eg meiner det må vere fritt fram for den som vil skrive artikkel om henne. Men når dette er sagt, så er her tusenvis av artiklar som ikkje er skrivne på nynorsk wikipedia om svært mange personar og emne. Personar og emne som i alle fall for meg framstår som viktigare og meir interessante enn amerikanske presidentkoner. --Egil Arne 9. juli 2009 kl. 10:26 (CEST)[svar]
Om nokon skriv ein rimeleg god artikkel om ein presidentektefelle der det går fram kvifor dei treng ein eigen artikkel (Jackie Kennedy er vel til dømes blitt eit amerikansk symbol), kjem nok ingen automatisk til å sletta han. Artikkelen om Michelle Obama var derimot ein frøartikkel, han hadde lege slik lenge og ingen hadde sett seg tid til å utvida han til noko meir. Artiklar utan innhald kan ein like godt sletta. --Ranveig 9. juli 2009 kl. 12:38 (CEST)[svar]
Einig i det, den burde slettast - artiklar utan innhald treng vi ikkje ha.--Egil Arne 9. juli 2009 kl. 16:56 (CEST)[svar]
Ueinig, heller utvid enn slett. Viser til Wikipedia:Sletting, der det står:
  • Det er veldig sjeldan at noko treng slettast på Nynorsk Wikipedia:
  • Den beste løysinga er ofte å redigere sida og eventuelt flytte ho.
Helsing frå Martin 9. juli 2009 kl. 21:57 (CEST)[svar]
Medan ein snakkar om flytting, heile denne diskusjonen bør flyttast til samfunnshuset for ein generell diskusjon, eller Diskusjon:Michelle Obama for arkivering. Denne diskusjonen har lite med Tor Erling Staff å gjere. Anders 9. juli 2009 kl. 22:32 (CEST)[svar]

Slutt på kopi frå Diskusjon:Tor Erling Staff.