Diskusjon:Middag

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ordet middag tyder mat og ikkje stort anna. Det ligg klart i ordet kva det kjem av, og noko vitskapleg utgreiing er neppe turvande. Middag er eit av dei vanlegaste orda i språket. Non er er heller spesiell, og ikkje i same kategorien i så måte.

Opplysningane in denne artikkelen er interessante, men få ville finne på å leite etter dei under overskrifta middag. Er det ikkje heller det som er problemet?

Eg meiner at noverande innhald ikkje bør stå under middag og ville heller foreslå at dette vert ein del av artikkelen Tidssone. Er det fleire som kunne tenkje seg det?

Hordaland 18:21, 12 desember 2007 (CET)

Løysinga du har vald er grei, synst no eg. Dersom nokon vil skrive om ulike matretter folk plar ete til middag, trur eg middagsmat kan vere ein høveleg tittel. Dersom dei berre vil nemne måltidet kort, høver det i ein artikkel middag som tar opp både tidspunktet og måltidet. På same måte kan vi få ein artikkel midnatt, den vil vel handle om tidspunktet. For å hjelpe folk som leiter har vi kategoriane. Når vi har fleire artiklar i ein serie, kan det vere lurt å lage infoboksar, sjå t.d. artikkelboksen i artikkelen om jula. - Knut 23:23, 13 desember 2007 (CET)
Takk! Det må vere det at engelsk har eit eintydig ord for kl 12 som får folk (også eg) til å tru at det same vil gå an i andre språk. Merkeleg at engelsk, det eg veit, aldri har hatt eit måltid kalla for noon. Hordaland 17:12, 14 desember 2007 (CET)
Ordet middag brukt om midt på dagen finst (framleis) i norsk. Det er nok ikkje mykje brukt, men eg har høyrt det t.d. i uttrykket «han hugsar ikkje frå tolv til middag». Ein har òg middag som ein del av orda føremiddag og ettermiddag. Så å seia at ordet middag først og fremst skildrar eit måltid («tyder mat og ikkje stort anna»), er feil. Men på norsk er det likevel vanlegvis brukt om dette måltidet, som svært få inntek på det tidspunktet måltidet er kalla opp etter.
Når det gjeld engelsk, brukar ein òg uttrykket midday som eit synonym til lånordet noon. Og sjølv om ein på engelsk ikkje har eit måltid som heiter noon, har ein lunch, som, etymologisk sett (på same måte som middagen vår), er eit måltid som tilhøyrer dette tidspunktet («light mid-day meal» [1]). --Tannkrem 13:40, 27 januar 2008 (CET)