Diskusjon:Hn/Midlandsnormalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Midlandsnormalen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette stykket er skrive på eit slags høgnorsk. Korfor brukar forfattaren ikkje den høgnorske avdelinga vi har? Må vi ta opp att ordskiftet vi hadde om dette for ei stund sidan, der vi vart samde om (trudde eg) at nogjeldande nynorske rettskriving skal nyttast på nn, og så har vi hn attåt? --Erling 17. juni 2006 kl. 14:27 (UTC)

Eg har ikkje vori med på noko ordskifte. Har du lyst og evne til å leggje stykket yver i ei høgnorsk deild, står det deg sikkert fritt å gjera so. Sjølv har eg lita greide på slikt, og var mest forvitin på å skrive stykket. Orsaka um det var til umak. Våve 17. juni 2006 kl. 14:43 (UTC)

Kjære Våve, det er eit godt stykke. Men etter eit ordskifte vi hadde om tilhøvet mellom nynorsk og høgnorsk her, fann vi ut at det var best med ei eiga avdeling for tekstar på høgnorsk. Artikkelen din må vi sjølvsagt ha på nn attåt på hn, men da varsamt "omsett" til gjeldande rettskriving. Eg vonar du ikkje har noko i mot denne måten å gjera det på. Du kan elles gjerne gjera det sjølv. --Erling 17. juni 2006 kl. 14:50 (UTC)
Hei! Du er velkomen til å skriva på den målforma du vil, men sjå Wikipedia:Retningsliner for nynorsk målføring (der står i grunnen det same som Erling har sagt). -- Ranveig 17. juni 2006 kl. 18:06 (UTC)