Diskusjon:Mihai Eminescu

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg gav diktet Luceafărul nytt norsk namn: Lucifer, tidlegare: Morgonstjerne. Grunn: Diktet vert omtala som Eveningstar på somme engelskspråklege nettsider til dømes http://www.fa-kuan.muc.de/EMINESC.HTML og Aftenstjerne i Store Norske Leksikon, medan det andre stader vert omtala som Morningstar, men også som Lucifer. (Eg veit ikkje om diktet finnes i noko norsk gjendikting, det verkar som om det ikkje er kome noko samlingar av han i bokform på norsk, men det kan jo hende at diktet har vorte gjendikta og publisert i eit tidsskrift eller liknande, men eg finn i alle fall ikkje noko norsk tittel.) Så eg satsa på Lucifer, det kan gjerne endrast attende om Morgonstjerne er meir rett. Kanskje er det rettaste å ikkje gje norske namn til dikt og andre skjønnlitterære verk som ikkje har noko kjend norsk omsetjing frå før? Kanskje vert dei halvveis sjølvdikta namna meir missvisande enn opplysande? --Jorunn 21. jun 2005 kl. 0143 (UTC)

Mi «magekjensle» er at omsetjingar av originalnamn på verk som ikkje finst utgjevne i norsk omsetjing kan ha omsetjinga i enkle hermeteikn av ‘denne typen’. Dette signaliserer omsetjing, ein bør markere at dei ikkje er faktisk etablerte verknamn ved ikkje å bruke «doble hermeteikn» eller kursiv, og ein kan gjerne setja «omlag» eller «ca» først der dette er naturleg. Korleis hørest det ut? Olve 21. jun 2005 kl. 0232 (UTC)