Diskusjon:Mikrofonprodusentar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva byggjer denne lista på?[endre wikiteksten]

Skal me ha slike lister bør dei anten vere komplette eller oppgi eitt eller anna kriterium. At ikkje Neumann er på denne lista gjer at eg undrast. --Bep 3. februar 2009 kl. 23:52 (CET)[svar]

Det står framleis eit spiremerke nedst på sida. Neumann, AKG, Sennheiser, etc. skal sjølvsagt med. Men Roma vart ikkje byggd på ein halvtime. Heilt fullstendig kan slike lister aldri verta, men med jamnleg oppdatering kan dei vera til stor nytte for dei som freistar å få oversikt over kva som er tilgjengeleg. --Sigmundg 4. februar 2009 kl. 00:22 (CET)[svar]
Men kva for kjelde kjem utvalet frå? Lista Høgaste_fjell_i_Noreg har ei kjelde. Kva skal til for å bli ein notabel mikrofonprodusent? Og å setje spiremerke på ei liste er ikkje det same som ein annan artikkel (der ingressen vonaleg fortel den grunnleggjande sanninga)--Bep 4. februar 2009 kl. 01:11 (CET)[svar]