Diskusjon:Mjosundet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I normal nynorsk språkbruk og etter dei nye retningslinene for stadnamn, så skal slike namn til vanleg skrivast i bestemt form, ikkje ubestemt slik som her. Eg tenkjer da på biletteksta. Finn 01:59, 28 april 2007 (CEST)

Ja, det stemmer. Eg har ordna det (og nokre andre småting) no. Du skal forresten ikkje vera redd for å gjera dette sjølv heller, så lenge det ikkje er spesielt kontroversielle namn som det er lurt at vi diskuterer først. -- Olve 02:41, 28 april 2007 (CEST)

Flytt innhaldet?[endre wikiteksten]

Eg føreslår at vi flyttar innhaldet over til anten Mjosundet eller Ertvågsøya og utviklar det vidare der. Baser strukturen helst på matrikkelgardar, og så kan enkeltbruka skrivast om under kvar matrikkelgard. -- Olve 02:44, 28 april 2007 (CEST)

Eg er open for alle framlegg som kan gjera plassering m.m. ryddigare. Eg er likevel noko usikker på kva du meinar og må nok ha tinga inn med skei førebels. Kanskje kan du utføra ei slik endring som du kjem med forslag om? Så ser eg resultatet slik at eg eventuelt kan kommentera det. Finn 12:12, 28 april 2007 (CEST)
Da tek eg og flyttar innhaldet til ein bolk i artikkelen Mjosundet og lagar ei omdirigering dit. Skal gje deg ei lenkje til historikken om ei lita stund, så kan du sjå nøyaktig kva eg endra. -- Olve 14:00, 28 april 2007 (CEST)
Her ser du kva eg gjorde:
  1. http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mjosundet&diff=327737&oldid=327575
  2. http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gardar_i_Mjosundet&diff=327738&oldid=327526
  3. http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Diskusjon%3AGardar_i_Mjosundet&diff=327741&oldid=327732 (Men eg arkiverte ikkje denne versjonen før eg hadde flytta over innhaldet hit til diskusjon:Mjosundet)
  4. Og no til slutt flyttar eg innhaldet frå diskusjon:Gardar i Mjosundet hit og legg til denne kommentaren med lenkjer til dei andre historikkane.
Håpar dette ser greitt ut som eit utgangspunkt for vidare arbeid. :-) Olve 14:13, 28 april 2007 (CEST)

Eg er heilt samd med desse endringane og vonar det no let seg gjera tilpassa det vidare arbeidet med kvar einskild gard etter kvart som ein får tid og lyst. Finn 14:27, 28 april 2007 (CEST)


Under kjelder er fyljande opgjeve:

Todal, A. 1963. Munch, P. A. 1832. Aslak Bolts Jordebog.

Er dette ei, to, eller tre ulike kjelder? Eg er usikker, men tyder det som tre ulike kjelder. Dei bør i så fall skrivast:

  • Todal, A.. Tittel, Forlag, 1963.
  • Munch, P. A.,Tittel, Forlag, 1832.
  • Bolts, Aslak, Jordebog, Forlag, 1432.

For den siste boka er det kanskje uklårt kven utgjevaren/forlaget var: Erkebispedømet i Nidaros, Aslak Bolts, eller andre?) Om det er personlege samtalar kan ein føra dei opp som:

  • Todal, A.. Tittel på emnet, Personleg(e) samtal(e/ar), 1963.
--Sigmundg 17:03, 18 september 2007 (CEST)
Ved å trykke på «Endre» ser vi at teksten er sett opp slik:
Todal, A. 1963.
Munch, P. A. 1832. Aslak Bolts Jordebog.

Den første kjelda kjenner eg ikkje, den andre må vere Munch si utgåve av Aslak Bolts jordebok frå 1852. Eg set til to prikkar og endrar 1832 til 1852. - Knut 18:38, 18 september 2007 (CEST)

Er Munk si utgåve ei omsetting til dansk? Eg er ikkje så sikker på korleis slike gamle kjelder bør førast opp, men burde det ikkje gå fram at det er ei omsetting av ei orginalutgåve frå 1432? Eller kanskje det er ei revidert utgåve? Kva for forlag kom 1852 utg. ut på?
På bokmål har dei ei eiga side om denne boka. Kanskje norsk Wikipedia òg burde ha det?
--Sigmundg 18:49, 18 september 2007 (CEST)
Eg har ikkje sett Munk si bok, men vil tru at det er rett å seie at Munk har tolka handskriftene i samlinga som utgjer Aslak Bolts jordebok. - Knut 19:50, 18 september 2007 (CEST)
Er det nokon som veit om "Todal, A. 1963" refererer til ei bok, eller ein personleg samtale? Slik kjelda no er oppført er ho ikkje til så stor nytte. --Sigmundg 6. januar 2009 kl. 16:18 (CET)[svar]
Kanskje det er: Todal, A., Gardtales i Aure, 1963? --Sigmundg 6. januar 2009 kl. 16:30 (CET)[svar]