Diskusjon:Morten Hetland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei bok på eige forlag er truleg litt snautt for å kallast «av leksikal interesse». Eg meiner difor at artikkelen bør slettast. --Ekko 10. september 2008 kl. 12:04 (CEST)[svar]

Å skriva om slekta si vert i smalaste laget, ja... Anders 10. september 2008 kl. 17:19 (CEST)[svar]

God nok for bokmålsutgåva = god nok for nynorskutgåva[endre wikiteksten]

Morten Hetland er også nemnd i ein artikkel i bokmålsutgåva av Wikipedia. Dersom den er god nok for bokmålsversjonen tykkjer eg absolutt me må kunna ta den med i nynorskversjonen også. Skal nynorsk Wikipedia nokon gong bli konkurransedyktig i høve til bokmåls-Wikipedia, kan me ikkje slakta ned absolutt alle artiklar. (NEHA) Dette usignerte innlegget vart skrive av 88.89.168.203 (diskusjon · bidrag) 6. juni 2010 kl. 13:14

Me har våre eigne reglar for kva som skal med her, og dei er nok like, men ikkje heilt dei same som dei bokmål har. No er ein av reglane at forfattarar som har gjeve ut bøker kan ha artiklar, så då bør vel ikkje denne slettast.
Eg har funne kjelde for at Hetland er leiar i Hjelmeland Mållag, men ikkje kva tid han blei vald. Me bør prøva å ha med fakta som ikkje endrar seg, heller enn slike som gjer det. --Ranveig 6. juni 2010 kl. 13:26 (CEST)[svar]
Ein forfattar som har skrive og gjeve ut (på sitt eige forlag) si eiga bok om slekta si, er ikkje automatisk leksikonstoff, meiner eg. Det var òg derfor artikkelen i si tid vart sletta. Så viss denne artikkelen skal stå, bør personen vera viktigare enn som så. Ein målpris kan vera godt nok, men her gjeld det ein målpris frå eit lag han sjølv er leiar i. Då kan dette òg vera meir tvilsamt.
Eg er altså ikkje sikker på om artikkelen skal slettast, men eg synest artikkelen må ha nokre kjelder og eventuelt fleire opplysningar før eg godtek at slettemerket vert fjerna utan vidare. Viss ein ikkje gidd å leggja inn kjelder for opplysningar om ukjende folk, får ein heller laga artiklar om viktigare personar enn dette. --Tannkrem 7. juni 2010 kl. 11:21 (CEST)[svar]
No er det både kjelder og struktur på artikkelen, men om det er slik at eit visst antal brukarar må ha uttalt seg før slettemerket kan fjernast, så melder eg med på med eit 'lat artikkelen stå'. --Knut 7. juni 2010 kl. 12:48 (CEST)[svar]
Det er ikkje talet på brukarar som avgjer ein diskusjon. Men utan uttalt konsensus kan ein ikkje berre fjerna slike malar frå ein artikkel. Og uttalt konsensus kan ein ikkje seia at det er når dei to første innlegga på diskusjonssida er etablerte brukarar som meiner artikkelen bør slettast. Rett nok gamle innlegg, men argumenta står like støtt i dag, personen ser ikkje ut til å ha vorte viktigare etter at artikkelen vart sletta.
Eg synest fortsatt ikkje denne artikkelen fortel kvifor denne personen er viktig nok til å ha ein leksikonartikkel. Det har heller ingen argumentert for her på diskusjonssida enno, bortsett frå Ranveig. Me bør ikkje ta vare på uviktige artiklar av prinsipp, det må vera ein grunn til at folk skal vera omtalt i eit leksikon. Og Wikipedia skal vera eit leksikon, ikkje ein reklamebase. --Tannkrem 7. juni 2010 kl. 14:49 (CEST)[svar]
Som det står i artikkelen (med kjelder) har Hetland gjeve ut to bøker, ikkje ei, og dei handlar nok om litt meir enn slekta hans. Desse er rekna som viktige nok til at dei er oppbevarte av Nasjonalbiblioteket. Og målprisen fekk han i 2008, før han vart leiar. --Ranveig 7. juni 2010 kl. 14:45 (CEST)[svar]
Framleis er det slik at han sjølv har gjeve ut begge bøkene, på sitt eige einmannsforlag. Og framleis er det slik at han har fått målprisen frå ein organisasjon han sjølv er leiar i, og sannsynlegvis har vore aktiv medlem av før han vart leiar. --Tannkrem 7. juni 2010 kl. 14:49 (CEST)[svar]