Diskusjon:Murmansk oblast

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oblast eller oblast'?[endre wikiteksten]

Ettersom eg ikkje aner kvar apostrofen etter oblast står for, føreslår eg flytting til Murmansk oblast. Grunngjeving for å halda artikkelen her han er vil òg bli godt motteke. -- Ranveig 6. nov. 2005 kl. 08:32 (UTC)

Apostrofen er eit palataliseringsmerke. På russisk heiter det "Мурманская область", med palataliseringsmerke (ь) etter t-en, slik at ordet blir uttalt som "itj" i trøndersk. Eg har ikkje vore heilt konsekvent med dette merket, i og med at det er problematisk i lag med wikimerka (''oblast'''). Eg ser at ingen andre språkversjonar har palataliseringsmerke i dette namnet, bortsett frå dei som skriv med det kyrilliske alfabetet, sjølvsagt. Så ja, vi bør vel fjerne det. Trondtr 6. nov. 2005 kl. 13:16 (UTC).
Ja, eg synest slik obskur teikninformasjon (dei som veit det, kan det allereie, dei som ikkje kan det skjøner det ikkje) høyrer heime i sjølve artikkelen, eventuelt i ein om oblast. -- Ranveig 6. nov. 2005 kl. 19:26 (UTC)