Diskusjon:Musikkgruppa Gåte

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ut frå innleiinga i denne artikkelen ser det ut som om det var Gåte som fann opp sjangeren folkrock. Og det stemmer jo ikkje heilt. Bokmålswikipediaen seier at sjangeren oppsto i Storbritannia på 1960-talet, og Gåte var ikkje ein gong dei første i Noreg som miksa norsk folkemusikk med rock. Så nokon må skriva ei ny innleiing. --Tannkrem 00:41, 13 februar 2007 (CET)

Det er vel ikkje akkurat dét det står da. Det står at dei spesialiserte seg på å gi norsk folkemusikk ny drakt, ikkje at dei var dei første. --Erlend 00:47, 13 februar 2007 (CET)
Men ser vel at det kan misforståast. Kan ikkje du skrive om den første setninga da? --Erlend 00:50, 13 februar 2007 (CET)
Jau, det kunne eg gjort, men då vert det "Gåte var ei norsk folkrock-gruppe". Og det er jo litt kort, sjølv om det seier det meste av det som står der frå før.
Referansar til aviser bør forresten stå til slutt, og ikkje inni sjølve artikkelen. Ei lenkja til ei nettavis hadde òg vore fint, eg fann nett eit (eldre) oppslag i VG der Sundli seier at dei har pause, altså det motsette av det artikkelen her fortel oss.
Eg kan prøva å skriva om artikkelen så det passar med mitt syn. Så kan du skaffa ein avisreferanse. --Tannkrem 00:57, 13 februar 2007 (CET)
Noko nytt kan det nok vere i det Gåte gjorde (sjølv om eg ikkje heilt klarar å setje fingen på det). Blanding av rock og norsk folkemusikk er i alle fall ikkje noko nytt, og eg meiner at blandinga metall og folkemusikk vart gjort før Gåte òg (og då meir blandinga svart metall og folkemusikk, men eg har ingen døme). Bandet Folque kan minne ein del om Gåte til tider, og spelte til og med fleire av songane som Gåte seinare spelte. På mange måtar er Gåte berre ei meir moderne utgåve av Folque. I tillegg var jo Øystein Sunde tidleg ute (Fenderslåtten kom allereie i 1970), og musikkgruppa Saft var vel innom noko liknande i lag med Sigbjørn Bernhoft Osa. --Frokor 01:03, 13 februar 2007 (CET)
Ja, no: nemner Folque og Gåte som norske folkrockarar. Alle som vert populære med ein smal sjanger vil vel framstå som nyskapande, anten dei er det eller ikkje.
No har eg skrive om, og prøvd å endra artikkelen frå telegramform til forteljing. Det medfører at eg har fjerna ein del detaljar. Om detaljane er viktige å ha med, kan dei leggjast inn att så snart kjeldene er på plass. --Tannkrem 01:18, 13 februar 2007 (CET)
Var valdsamt kor du endra for å få inn "synet ditt" da... Gåte er ikkje nord-trønderar, og den siste konserten var på nyårsaftan, ikkje i romjula. Så det endrar eg iallfall tilbake før eg legg meg. Er du sikker på at Sveinung aldri spelte anna enn fele? Avis Sør-Trøndelag er lokalavisa til Gåte, og ikkje alle utgåvene ligg på nettet. Men Sveinung understreka eksplisitt at det ikkje var ein pause (derfor ordlyden). Vi kan ikkje krevje at alle kjeldene skal vera på nettet, og datoen for avisa stod. --Erlend 01:26, 13 februar 2007 (CET)
Sveinung Sundli spelte fele og tangentinstrument. I tillegg song han på ein song og to. --Frokor 01:29, 13 februar 2007 (CET)
Nei, dei var kanskje sør-trøndarar når eg tenkjer meg om. Eg trur ikkje at Sveinung berre spelte fela, men eg trur det var "hovudoppgåva" hans. Men du må gjerne endra attende det du er usamd i, eg meinte ikkje at artikkelen var ferdiglaga etter den radikale endringa mi.
Problemet med kjelda di er at det motsette har vore like eksplisitt understreka av same person ein annan stad, berre med ein annan dato: "Sveinung Sundli - som i likhet med lillesøster Gunnhild understreker at bandet kaller dette for en pause." [1] Difor fjerna eg opplysninga i staden for å berre flytta avisreferansen, slik eg elles ville ha gjort. --Tannkrem 01:41, 13 februar 2007 (CET)
Har allereie skrive at Sveinung hovudsakleg spelte fele. Bra! Kanskje dei tenkte på pause i starten, men at det så vart klart at det var ei oppløysing. Jaja. No skal eg leggje meg iallfall. God natt. --Erlend 01:46, 13 februar 2007 (CET)
Eg synest framleis ikkje Wikipedia bør konkludera med at dei er oppløyste for all framtid, så lenge det er såpass uklårt kva dei eigentleg meiner. Den detaljen kan like godt skuldast ein journalist som har skrive det motsette av kva intervjuobjektet sa. Slikt skjer. :) --Tannkrem 01:28, 14 februar 2007 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:43 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Død lenke 2[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [3]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:43 (CEST)[svar]

[daud lenkje]