Diskusjon:Namsskogan kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samisk namn[endre wikiteksten]

Kva for namn skal ein bruke for Namsskogan på Sørsamisk? På bokmålssida er Nååmesjenvuemie brukt, men det namnet er også brukt for Namdalen. Nettsida for samiske veivisere (https://samiskeveivisere.no/kart/) nyttar Laakesvuemie, men eg trur eg har lest at dette berre er eit eldre namn på Namdalen og betyr akkurat det same som Nååmesjenvuemie. Eg har også sett Nååmesje eller alternativt Nåamesje bli nytta, men dei orda betyr elva Namsen.--Kvääniruija (diskusjon) 25. august 2020 kl. 14:09 (CEST)[svar]

Me skulle helst hatt ei offisiell kjelde på slike namn. Kommunen opplyser ikkje om noko slikt på nettstaden sin, og det finst heller ikkje noko offisielt sørsamisk namn oppført hjå Kartverket. --Ranveig (diskusjon) 25. august 2020 kl. 14:29 (CEST)[svar]