Diskusjon:Nasjonal Digital Læringsarena

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sitatbruk og dokumentasjon[endre wikiteksten]

Artikkelen slik han står no har ein del direkte sitat. Dei bør få fotnote til presis lenkje. Så er det ein seksjon "bakgrunnsstoff" med meir eller mindre klår relevans for sjølve artikkelen. Mitt framlegg er tre seksjonar:

  1. Referansar (fotnoteseksjon laga med <ref>blabla-referanse-her</ref> .. <references/>-formatet)
  2. Litteraturliste, dvs. ei lenkjesamling over artiklar om emnet
  3. Eksterne lenkjer, lenkje til ndla (som no), evt. til andre sentrale del-sider ved ndla.

Dessutan kanskje presentere NDLA først og kritikken av han etterpå. Trondtr 20. februar 2010 kl. 13:47 (CET).[svar]

...kva med ein mellomting mellom denne kritiske og den nordkoreanske på bokmål? Trondtr 20. februar 2010 kl. 13:48 (CET).[svar]

Det var intensjonen å presentera fakta-informasjon om NDLA først, deretter referera ulike synspunkt. Det kan henda synspunkta frå forsvararane kan koma betre fram. Hordaland Fylkeskommune har eit godt og tilgjengeleg sakshandsamingssystem, men det er etter det eg kan sjå ikkje råd å lenkja direkte til fylkesrådmannen si utgreiing, som er eit PDF-vedlegg. Denne utgreiinga inneheld det meste av det fylkeskommunane har basert vedtaka sine på. Eg har vore på jakt etter eit litt fastare system for å ordna lenkjer. Referansar og fotnotar er jo ikkje akkurat det same. Men det framlegget ditt her ser greitt ut for meg.--Josros 20. februar 2010 kl. 14:51 (CET)[svar]
Eg blandar meg inn, sidan det ser ut som Josros ikkje veit kor lett det er å lage fotnotar. Det er ein tast Wikipediaformel <ref>..</ref> nede i redigeringsvindauget. Du kan bruke den, eller du kans skrive <ref> manuelt på eine sida av referansen og </ref> på andre sida. Om du bruker ei nettlenkje som referanse, kan du skrive enkel hakeparentes rundt teksten slik eg gjorde på fotnote nr 1. --Knut 20. februar 2010 kl. 15:55 (CET)[svar]
Eg var vel litt opptatt med å lesa og skriva. No har me fått ein balansert og informativ artikkel om eit svært aktuelt tema. Det er vel ikkje så ille? Men lenkja til den NDLA-sida som skulane brukar, er teken bort. Den burde vel vera med?--Josros 20. februar 2010 kl. 18:21 (CET)[svar]

Håper det ikkje var eg som gjorde noko gale? Det var i så fall ikkje meininga, eg meinte berre å hjelpe. Men eg ser av historikken at det vart fjerna ei daud lenkje her, men den lenkja har tydelegvis vakna til liv igjen, så den skal du berre setje inn att. Wikipedia er dugnadsprosjekt, og vinn på at folk blandar seg borti kvarandre, men av og til vert det feil, som du ser. --Knut 20. februar 2010 kl. 18:58 (CET)[svar]

Det var nok eg. Eg tok vekk to lenkjer: den første lenkja på den gamle lenkjelista, fordi den første lenkja i "eksterne lenkjer" er identisk. Viss det er den du meiner så er den altså i boks (bolken "eksterne lenkjer" inneheld alltid lenkjene til det artikkelen handlar om, her NDLA). Den andre lenkja pakka eg berre inn i <!-- ... -->, feilen med den var at det i følgje teksten var lenkje itl ein viss artikkel, men lenkja viste berre til ei allmenn side. Så meininga var ikkje å fjerne noko, men å oppfordre til retting. Trondtr 20. februar 2010 kl. 19:02 (CET).[svar]
«...det er vel ikkje så ille?» Nei, tvert i mot, det er alt anna enn ille, det er eit viktig tema, omlegging av heile skoleboksproduksjonen, det hadde gjerne fortent ein heil familie med artiklar. Trondtr 20. februar 2010 kl. 19:06 (CET).[svar]
For alle del, det fint med innspel og hjelp - i god dugnadsånd. No har vi ein rimeleg balansert artikkel om eit tema som truleg vil vera brennaktuelt ei god stund til.--Josros 20. februar 2010 kl. 20:12 (CET)[svar]