Diskusjon:Natteramn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er ikkje Ramn eineform på nynorsk - det gjeld vel óg natteramnen? SJå [1] -Knut 21:30, 24 februar 2008 (CET)

Fleirtyding?[endre wikiteksten]

Natteramn har vel etter kvart fått feleire tydingar. Kanskje det burde vera ei fleirtydingsside? --Sigmundg 19. juli 2009 kl. 09:59 (CEST)[svar]

Tenker du på Natteravnene, eller finst det endå fleire tydingar? Me pleier ikkje oppretta fleirtydingssider for berre to tydingar, særleg ikkje når stavingane er forskjellige. --Ranveig 19. juli 2009 kl. 11:57 (CEST)[svar]
Ja, det var natteramnane eg tenkte på. Kvifor meiner du at namnet skal skrivast på bokmål? Er det registrert på ein eller annan måte? --Sigmundg 19. juli 2009 kl. 13:53 (CEST)[svar]
Dei bruker berre Natteravnene på nettstaden sin, òg om lokallag i nynorskområde[2], og eg finn berre dette i Brønnøysundregisteret.[3] Eg ser Natteravnane blir brukt om dei i Kvam [4] og Natteramnane nokre andre stader, så det er mogleg me kan bruka nynorsknamn. I alle høve er namnet i fleirtal, slik at det blir lett å skilja folk frå fuglar. --Ranveig 19. juli 2009 kl. 14:55 (CEST)[svar]
Eg ser ingen grunn til at nn WP skal herma etter nettstaden deira som er skriven på bommål, men argumentet med at dei nyttar fleirtalsforma godtek eg. Men eg trur ikkje det er alle som tenkjer gjennom desse detaljane når sei søkjer, så vi bør vel ha Sjå òg på toppen av begge artikklane? --Sigmundg 19. juli 2009 kl. 15:03 (CEST)[svar]

Skrivemåten Nattramn[endre wikiteksten]

Artsnavndatabasen har 'nattramn' som nynorsk skrivemåte. Språkrådet er kjelda for nynorsknamna der. Offisiell rettskriving er framleis 'natteramn' og berre det. Roar 12. november 2010 kl. 12:54 (CET)[svar]

'Nattramn' er òg normal skriveform brukt på bokmål i denne kjelda[1] Same kjelde gjev opp fleire lokale namn: huldrerokk, kveldknarr, kveldskjene, natteknarr, nattkurre.
--Roar 17. november 2010 kl. 20:42 (CET)[svar]
  1. Vik, Rolf; Karl Aage Tinggaard (1962). Fuglene i farger. Oslo: Aschehoug (W. Nygaard).  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)