Diskusjon:Hjulnav

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Nav)

Nav er i fylgje ordbok nav n1 (norr. nǫf f, fleirtal nafar og nafir; samanheng med I navle) midtblokk på eit hjul, ofte med lager for hjulaksling og feste for eikene. Artikkelen om sosialtenesta Nav, som er eit (truleg kortvarig) byråkratisk påfunn, bør difor flyttast til eit anna namn. --Sigmundg (diskusjon) 7. januar 2015 kl. 02:56 (CET)[svar]

Einig, den grunnleggjande tydinga bør ha hevd. Og noko er gale med interwikiane nett no. --Ranveig (diskusjon) 7. januar 2015 kl. 11:23 (CET)[svar]
Eg gjekk ut ifrå at sosialtenesta Nav hadde fleire førespurnadar enn hjulnav, men det stemde visst ikkje. Det viste seg at sosialtenesta hadde 69 unike visingar dei siste 90 dagane, mot hjulnav, som hadde 262. Er det rimeleg å opprette ei fleirtydingsside på Nav, så flyttar eg sosialtenesta attende og held hjulnavet der det er no? Mvh — Gaute snakk - epost - signér 7. januar 2015 kl. 13:29 (CET)[svar]