Diskusjon:Ne crois pas

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

På fransk startar ein som oftast ikkje kvart ord med stor bokstav i songtitlar, slik som på engelsk. Vil foreslå flytting til «Ne crois pas» --Sigmundg 13. november 2011 kl. 20:46 (CET)[svar]

I fylgje eurovision.tv (offisiell Eurovision-nettstad) startar kvart ord med stor bokstav. Hadde ikkje songen vore med i Eurovision hadde eg vore samd med deg. -- AlexanderMG 13. november 2011 kl. 22:31 (CET)[svar]
Det kjem vel av at namnet er omsett til engelsk. På denne franske sida (http://fr.wikipedia.org/wiki/Concours_Eurovision_de_la_chanson_1956) er namet på songane skreve på same vis som vi gjer på norsk. På nynorsk WP vil det vera naturleg å nytta norsk skrivemåte. --Sigmundg 13. november 2011 kl. 23:55 (CET)[svar]
Nokre stader står det med store bokstavar, andre stader med små. Difor valde eg å bruke den same skrivemåten som eurovision.tv. Det gjer ikkje noko om vi skriv med små bokstavar, men då meiner eg at vi bør finne éi kjelde å forhalde oss til når vi skriv om Eurovision-songar. -- AlexanderMG 14. november 2011 kl. 06:31 (CET)[svar]
Etter som teksten på eurovision.tv er på engelsk nyttar dei sjølvsagt engelsk rettskriving. Men på nynorsk WP bør det nyttast norsk rettskriving. Kanskje vi bør spørja Norsk språkråd til råds? --Sigmundg 14. november 2011 kl. 17:05 (CET)[svar]
Eg er samd i at me bør nytte norsk rettskriving. Å spørje Norsk språkråd var inga dum ide. -- AlexanderMG 14. november 2011 kl. 17:24 (CET)[svar]