Diskusjon:Nebula Award

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Usikkert om ordlegging og omsetjing[endre wikiteksten]

Eg er litt usikker på om dette bør vere nebulaprisen, nebula utdelinga eller Nebula Awards.

Ettersom prisen vert delt ut for både fantasy (fantastisk litteratur) og science fiction (scifi?), so har eg sopt sjangerbegrepa opp i det mykje meir hendige Fabelprosa. Dette uttrykket er desverre ikkje i vanleg bruk, sjølv om Bing & Bringsværd lanserte det på syttitalet og ein forstår det halvt automatisk. Forstår andre wikipedantar uttrykket?

Til slutt er det ordet novel som skjærer litt i mine øyrer. Eg veit ærleg talt ikkje forskjellen på ei amerikansk novel og novelette, og om det heiter noko anna på norsk.

Eg skal prøve å få gjort noko med artikkelen seinare ein gong, og få gjort noko med raudlenkjene. --Krekling 15:23, 7 mai 2008 (CEST)

Hmm, det vart komplisert dette her. en:Short story heiter novelle på norsk, ikkje kort historie. Novel er det vi på norsk kallar roman. Dei andre veit eg sanneleg ikkkje. Anders 17:04, 7 mai 2008 (CEST)
http://en.wikipedia.org/wiki/Novella#Novella_versus_novel Ting kan tyde på at dette er først og fremst ei engelsk greie. Svensk wikipedia hadde litt om noko det dei kallar "kortromanen". Kanskje vi skal ta vekk novella og novelette, og i staden bruke dei ulike lengdekategoriane for romanar. --Krekling 19:03, 7 mai 2008 (CEST)
Eg har prøvd meg her, dokk får sjå om dokk lika det. Novelette er på nork ei kort novelel og kan i alle fall ikkje nyttast. stykkjet 23:12, 7 mai 2008 (CEST)