Diskusjon:Neger

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Omgrepet har etterkvart vorte sett på som eit nedsetjande uttrykk, og blir i dag helst brukt av uvit eller vondskap." Her tykkjer eg dagens diskusjon bør nemnast, med tanke på Sylfest Lomheims utsegn om ordets plass i det moderne språket. Raudrev 22:11, 20 februar 2007 (CET)

Heilt einig. Det er vel ikkje opp til oss å skifte vær og vind, og skilje snørr frå bart, men røynda er vel meir kompleks enn som så? --Ekko 22:31, 20 februar 2007 (CET)

Kvifor blir den offisielle definisjonen frå Nynorskordboka fjerna?

Sylfest Lomheim har sagt at neger er eit nøytralt ord på norsk. Det tyder òg på nynorsk. 208.53.138.221 20:07, 14 februar 2008 (CET)

Sylfest Lomheim er ikkje noko orakel som avgjer åleine kva slags ord som er nøytrale eller ikkje. Svært mange reknar neger for å vera eit nedsetjande uttrykk. Og så lenge Lomheim engasjerer seg i debatten synest eg det er fullstendig meiningslaust å framstilla hans syn som «nøytralt».
Eg rulla attende endringa di fordi endringa di starta med ei uprovosert fjerning av informasjon. Slikt vert vanlegvis slått enno hardare ned på. Nynorskordboka er heller ikkje einerådande når det gjeld å definera uttrykk, så eg skjønar ikkje heilt kva du meiner med at denne definisjonen er «offisiell» eller kvifor du meiner det er så sjølvsagt at han skal vera sitert på Nynorsk Wikipedia. --Tannkrem 20:18, 14 februar 2008 (CET)
No har eg lagt til informasjonen frå ordboka i innleiinga (der ein definisjon høyrer heime) og moderert setninga du fjerna til «Omgrepet vert i dag av mange sett på som eit nedsetjande uttrykk.» (Noko som også faktisk står i ordboka, utan at du brydde deg med å ta med den informasjonen etter at du hadde fjerna han). Eg bed deg no om å slutta med redigeringskrigen og føreslå konstruktive endringar dersom du framleis meiner det er noko gale her. --Tannkrem 20:26, 14 februar 2008 (CET)

Når sa Sylfest Lomheim at neger er eit nøytralt ord på norsk? Var det før eller etter at styret i Språkrådet i Språknytt 3/2001 kom med retningslinjene som mellom anna seier:

«‘Neger’ har vore normalordet på norsk for folk med svart eller mørkebrun hudfarge, og for mange er det framleis nøytralt. Men i det siste har det gått fram av pressa at mange nordmenn med afrikansk bakgrunn ikkje liker å bli kalla ‘neger’, mens andre meiner at det er greitt, så det er delte meiningar om dette blant dei det gjeld. Likevel er det grunn til å vera varsam. Språkrådet må rå folk til å tenkja seg om før dei nyttar slike sensitive ord. Det er dårleg folkeskikk å kalla folk med eit ord dei ikkje liker, same kva ‘vi andre’ måtte meina om innhaldet i ordet.» --Jorunn 23:14, 14 februar 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:54 (CEST)[svar]

[daud lenkje]