Diskusjon:New romantic

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Har desse underkategoriane av populærmusikk nokon hensikt, finst det objektive kriteriar og semje om kva som er kva? Eg har t.d. aldri høyrt/lese om «moderne nyromantikk» anna enn på wikipedia. Derimot har eg ofte høyrt/lese/nytta synthpop om desse banda. Kategoriar innafor rock vil vel vera eit spørsmål om personleg smak meire enn noko anna? --Ekko 13. september 2008 kl. 18:17 (CEST)[svar]

Sjangrane er (stort sett) veldefinerte, objektive og har lite med personleg smak og gjere. Det som skil sjangrane er ofte objektive faktorar som kva (andre veldefinerte) sjangrar som er blanda saman, kva instrument som vert brukt, musikalske teknikkar og kva tid dei oppstod i. Det er som regel ikkje sjangrane som er problemet å definere, men kva sjanger ein evt. skal plassere band eller til og med songar i, og akkurat det kan nok stundom vere meir subjektivt. Så lenge sjangrane er innarbeidde omgrep i musikkindustrien så syns eg me bør ha artiklar som forklarar kva som nettopp gjer dei enkelte sjangrane til det dei er.
Når det gjeld akkurat denne artikkelen så er fleire av banda her òg synthpop-band, men ikkje alle synthpopband tilhøyrte moderne nyromantikk. Artikkelen burde derimot forklart betre skilnadane. Moderne romantikk var meir enn berre musikk (klesstil osv) på liknande måte som punk. Ein pønkar speler ikkje nødvendigvis i eit pønkband osv. --Frokor 13. september 2008 kl. 18:47 (CEST)[svar]
Då ser eg fram til kjelda for definisjonen. --Ekko 13. september 2008 kl. 20:58 (CEST)[svar]
Sjølvsagt :-) Når eg ein gong kjem så langt. --Frokor 13. september 2008 kl. 21:49 (CEST)[svar]