Diskusjon:Nick Cave

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eselet så herrens engel[endre wikiteksten]

Det står i artikkelen at dette er ein surrealistisk roman. Eg trur ikkje det er rett bruk av ordet slik eg forstår det. Eg kan kanskje gå med på at boka er absurd, men berre fordi handlinga er ganske fjernt frå dagens "normale" norske samfunn. For dei som ikkje har lest boka, så handlar den om forteljaren som er ein gut i tenåra som er den einaste attlevande av ei i utgangspunktet stor og særs valdeleg familie. I tillegg var den i utgangspunktet snille guten så uheldig å ha forfedre som var litt for mykje i slekt med kvarandre. Alt dette gjorde guten til svært psykisk ustabil, samstundes som han ville vere snill og samstundes som samfunnet rundt han trudde at han var bortimot djevelen sjølv. Forteljinga fortel kva han til ein kvar tid tenkjer og gjer, og dette er ikkje alltid særleg fornuftig, men den er fortsatt ikkje surrealistisk. Utenom det vil eg tilråde boka på det sterkaste, men du bør ha ein sterk mage og originalutgåva (engelsk) nyttar ei for meg svært vanskeleg "redneck"-dialekt. -- Larsivi 6. apr 2005 kl. 1927 (UTC)

Når det gjeld "surrealistisk" so var det eit ord eg plukka opp frå omtalen som står frampå den norske 2002-utgåva:
"Eselet så herrens engel er en surrealistisk skrekkroman og et mytisk-visjonært epos. Beretningen spenner over en hundre år lang voldsmettet og mirakuløs historie om religiøst vanvidd, lysnjing og blodskam i et oppdiktet amerikansk utkantsamfunn". <-- Eg kutta jo ut ord som "skrekkroman" og "mytisk-visjonært epos" (kva no enn det må vere), då det klart ikkje passa til innhaldet i romanen... :)
Eg har aldri filosofert særleg over kva surrealisme er, men det kan vel vere rett at det ordet ikkje passar særleg for den her romanen når ein tenkjer på t.d. bilete og musikk som vert definert som surrealistiske... Skulle hatt ein artikkel på det uttrykket :)
Eg bytar ut "surrealistisk" med "gripande", då eg kjenner lite til kategorisering av moderne litteratur. (ikkje det at eg er godt kjend med eldre litteratur... Det berre såg betre ut slik:)). Ogso skreiv eg litt til, hovudsakleg bygd på det du skreiv :) kurtber 6. apr 2005 kl. 2011 (UTC)