Diskusjon:Nikita Khrusjtsjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

No har me to artiklar om den godaste Khrustsjov, den andre heiter Nikita Sergejevitsj Khrusjtsjov. Desse to artiklane bør vel arbeidast saman til ein artikkel. Kva bør vera artikkelnamnet? I tillegg bør det opprettast ymser omdirigeringar. --Gunnernett 20. feb 2005 kl. 1822 (UTC)

Nikita Khrustsjov er vel namnet me kjenner han under, og ikkje veit eg om andre kjende personar som heitte det heller, så eg stemmer for det enkle. Eg synest òg me bør ha omdirigeringar frå moglege feilstavingar ettersom det er eit namn i alle fall eg slit med å få rett. -- Ranveig 20. feb 2005 kl. 1834 (UTC)
Beklagar så mykje, eg var ikkje klar over det fanst ein artikkel om NK frå før. Kanskje fordi den ikkje er utstyrt med operative kategoriar, som t.d. Kategori:Russiske statsleiarar, og fordi dei andre russiske statsleiarane har artiklar med berre to namn i overskrifta? Eg meiner som Ranveig at den samordna artikkelen au bør ha artikkelnamn med berre for- og etternamn. Det held det, på norsk. Når det gjeld innhaldet, ser eg ikkje noko problem å innarbeide ekstra opplysningar frå den kortaste artikkelen inn i den lengste dersom det er ønskjeleg. Eg kan godt ta på meg å gjere det, viss det er greitt for artikkelforfattaren. Er det deg, Gunnernett? --Erling 20. feb 2005 kl. 1859 (UTC)
Dersom nokon vil samordna artiklane er det heilt greit for meg. --Gunnernett 20. feb 2005 kl. 1912 (UTC)

Mangelfulle referansar[endre wikiteksten]

Referansane i denne artikkelen er mangelfulle og så godt som ubrukelege. Sitat som «Medvedev 1978», «Taubman 2003» og «Tompson 1995» gjev ikkje nok informasjon til å att finna kjeldene det vert synt til. Ein kan ikkje ein gong sjå om det vert synt til ei bok eller ein tidsskriftartikkel. Det manglar til og med tittel på bøkerne/artikklane. --Sigmundg 17. mai 2011 kl. 17:09 (CEST)

Artikkelen er i praksis midt i ei omsetjing frå en:, og eg hadde ikkje lagt inn kjeldene derifrå endå. Eg legg inn ein kommentar om at ein kan sjå litteraturlista i den engelske artikkelen for detaljar, og så ser eg nærare på det ein dag. Men artikkelen bør ikkje verte vekas artikkel med det fyrste. --EIRIK\diskusjon 17. mai 2011 kl. 19:16 (CEST)

Arméen[endre wikiteksten]

Nynorskordboka har ordet «armé», så kvifor skal det ikkje vera «arméen»? --Sigmundg 25. juli 2011 kl. 16:43 (CEST)

Av di at aksenten blir sløyfa i bunden form, sjå til dømes eksemplet bruka i forklaringa til idé: [1]. --KRISTAGAα-ω 25. juli 2011 kl. 16:48 (CEST)
Korkje arméen» eller armeen» er oppslagsord i nynorskordboka, men begge er tilslagsord, så eg skjønar framleis ikkje dette. --Sigmundg 25. juli 2011 kl. 23:06 (CEST)