Diskusjon:Nord-Makedonia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namn på artikkelen[endre wikiteksten]

Eg er av den meininga at sjølvstendige statar bør ha ganske sterk prioritet når det gjeld å ligga på hovudsida. Til dømes er staten Georgia viktigare enn den amerikanske delstaten Georgia, staten Jordan viktigare enn elva Jordan (med "viktigare" meiner eg "meir sjølvsagt å sjå under oppslagsordet"). Men kanskje er Makedonia eit særtilfelle? -- Ranveig 14. sep. 2005 kl. 11:41 (UTC)

Makedonia er i alle fall eit særtilfelle på sv.wikipedia. Det var etter å ha sett litegrann av all ståheia om akkurat Makedonia på sv.wikipedia eg fekk leveregelen om at artikkeltitlar ikkje er særleg viktig for meg.
--Jorunn 14. sep. 2005 kl. 12:13 (UTC)
"Makedonia" er eit emne som er omstridd på fleire wikipedia-språkversjonar. Det ser ut til å vera endelause ordskifte på en:, og artiklane er merka med "disputed". Enkelte wikispråk let Makedonia vera ein artikkel om Regionen Makedonia. --Gunnernett 14. sep. 2005 kl. 12:22 (UTC)
Det er litt trist at me skal gje etter for dei som skrik høgast; på den andre sida er det vel om lag det same som det me har gjort med Kina og Taiwan. -- Ranveig 14. sep. 2005 kl. 14:29 (UTC)

Attenderulla endring[endre wikiteksten]

Attenderulla endring av di dei linjene skreve av anonym brukar burde omskrivast litt... Roger 29. mai 2006 kl. 13:24 (UTC)

Poenget med det lange og kronglute namnet har ingenting med engelsk å gjere, men med Hellas sitt syn. Det engelske namnet på «Makedonia» er «Macedonia». Forma «The former...» osb. er den engelske versjonen av «Den tidlegare...» osb, ikkje den engelske versjonen av «Makedonia» i seg sjølv. Så vi må sjå på den formuleringa. Trondtr 18:23, 25 oktober 2006 (UTC).