Diskusjon:Nordaustkaukasiske språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor nytta det snevre ordet dagestansk når språk frå denne familien er viktige fleire andre stader enn berre Dagestan? --Njardarlogar (ordskifte) 27. juli 2012 kl. 17:03 (CEST)[svar]

Nei, sei det. Eg gjorde det fordi det er det namnet eg kjenner dei under, det er slik dei vart presentert i sovjetisk statistikk, osb. Artikkelen listar elles opp andre namn. Eg ser no at ca. 3/4 av iw-lenkjene bruker enten nord- eller nordaust-kaukasiske språk, medan ca. 1/4 bruker namn med ordet dagestansk i seg. Heller ikkje russisk bruker dagestansk, hmm. For min del må vi gjerne skifte, så lenge vi har omdirigering. Trondtr (diskusjon) 28. juli 2012 kl. 10:21 (CEST).[svar]
Omdirigering skal me ha. Det ser ut til at t.d. tsjetsjensk vert tala i hovudsak i Tsjetsjenia, og sidan det skal vera eit av dei største språka i familien (det største?), verka tilvisinga til Dagestan merkeleg. Når eg no les om klassifiseringa i den engelske artikkelen, ser det ut til at det er Nakh-språka som skapar ugreia for Dagestan-delen av namnet; sidan dei fleste andre nordaustkaukasiske språka har hovudvekta si i Dagestan. --Njardarlogar (ordskifte) 28. juli 2012 kl. 17:52 (CEST)[svar]