Diskusjon:Nordhordland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hordaland vert jo tradisjonelt delt opp i slags regionar: Voss, Hardanger, Sunnhordland, Midthordland/Bergensregion og nettopp Nordhordland. Grensene mellom desse regionane kan kanskje vere difuse og ufastsette, og ofte kan dei kanskje gå utanom kommunegrensene, og dermed står nokre kommunar i grenseland mellom to regionar. f.eks. som er nevnt i hovudartikkelen modalen, osterøy, øygarden og gulen (dei tre førstnevnte ser eg personleg på ein del av Nordhordland). Men den diskusjonen eg legg opp til her er i kva grad Vaksdal kommune kjem inn under "Nordhordlandsgrensene" eller ikkje?

Om ein ser på kartet grensar jo Vaksdal til alt utom Sunnhordland i Hordaland, pluss til Vik i Sogn. Så Vaksdal ser ut til å kunne vere ei nøtt, ja.
På Wikipedia på engelsk har dei lagt inn informasjon om 'landscape' i alle kommuneartiklane, og i Vaksdalsartikkelen der står det Midhordland. Vaksdal er ikkje nemnd i artikkelen om Midhordland i Store Norske leksikon. (Eg ser at eg har lagd artikkelen om tettstaden Vaksdal i kategorien Midthordland, moglegvis gjekk eg etter Wikipedia på engelsk då, i dag er eg tvilande.)
I artikkelen om Nordhordland i SNL står det at Vaksdal høyrer med til Nordhordland tingrettsdistrikt, men ikkje til Nordhordland prosti. Prostimessig høyrer området til Voss og Hardanger. Eg veit ikkje om Nordhordalandsomgrepet vert brukt i andre administrative samanhengar lenger, eller korleis området har vorte definert tidlegare. Det hadde vore nyttig om artikkelen sa noko om det.
Kva med målet i Vaksdal, høyrer det til nordhordlandsmålet? Og er det Nordhordlandsbunaden folk i Vaksdal trekkjer i til fest?
Det er knappast noko enkelt og eintydig svar på om Vaksdal høyrer til det eine eller andre distriktet/landskapet, men sjølv om kommunen ikkje er med i Nordhordland Reiselivslag kan han nok ikkje utelukkast frå Nordhordland. --Jorunn 01:41, 20 juli 2007 (CEST)
Talemålet i heile Vaksdal kommune er strilamål, så slik sett vender me oss vekk frå Voss og Hardanger, som me ellers grensar til. Men i Midthordland vert det også tala strilamål, så igrunn er ein like langt med å plassere Vaksdal i anten Nord- eller Midthordland. Når det gjeld bunadskikken i Vaksdal kan ein velje om ein vil nytta Nordhordlandsbunaden eller Vossabunaden, men dei aller fleste vel den sistnevnte.
Dersom definisjonen til reiselivslaget er lite brukt (det står jo òg ein vidare definisjon), bør det stå rett ut. Og er det rett at nordhordland strekk seg ut over Hordaland fylke (Gulen)? Ekko 17:57, 26 oktober 2007 (CEST)