Diskusjon:Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oktober 2004[endre wikiteksten]

Eg søkte etter Noreg på wikipediaen men fann ingenting, så eg omsette likså godt artikkelen om Norge. I all hovudsak står det no det same på nynorsk som på bokmål. Men det er noko som manglar nedst på sida, så det er fint om det er nokon som veit koss ein ordnar det. --Eddi 13:09, 9 Oct 2004 (UTC)

Kjempebra Eddi! Det hadde jo vore litt dumt å ha eit oppslagsverk på norsk utan denne artikkelen! Når det gjeld det som manglar nedst på sida er det to grunnar til dette.

Når du skriv til dømes {NATO}, så kallar MediaWiki fram ein mal, i dette tilfellet med namnet NATO. Den må (enn så lenge me nyttar engelsk her på nn:) ligga under Template:NATO. Viss du vil sjå den tilsvarande malen på no: no.wikipedia.org/wiki/Mal:NATO. Slike malar kan hentast fram i alle dei artiklane du ønskjer det, og når dei vert forandra, vil forandringa syna på alle desse artiklane. Det er tildømes slik dei fleste boksane på hovudsida er laga, der mest for å gjera hovudsida meir oversynleg. Derfor må desse malana kopierast frå no: og. Dette skal eg gjera no.

Når det gjeld kategori-boksane, så vil ikkje dei heller verka så lenge me skriv "kategori" på norsk. Me får snart nynorsk MediaWiki lasta opp her, så då kjem dei òg til å verka.

Bjarte 13:35, 9 Oct 2004 (UTC)

Noregs ditt og datt[endre wikiteksten]

Eg finn dei fleste lenkene til utdjupande artiklar litt unaturlege. Ville ikkje til dømes Noregs historie, Noregs fylker eller Noregs kultur høyrast meir naturlege ut som norsk historie, norske fylker eller norsk kultur?

Ranveig 21:22, 10 Oct 2004 (UTC)

Absolutt! -- Olve 16:19, 11 Oct 2004 (UTC)

Tettstader[endre wikiteksten]

På oversikta over dei største tettstadane i Noreg kjem det ikkje fram at ein med Oslo har inkludert Asker, Bærum, Ski etc. Sjølve Oslo har 535 599 inbyggarar iflg SSB (2006). http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/tab-2006-07-05-01.html

Elles merker eg at ein ein med Bergen ikkje har inkludert t.d. Knarrevik/Straume (9290 innb) og deler av Askøy (totalt 17480 innb), medan ein med til dømes Stavanger har inkludert Sola. Dette virker litt søkt, sjølv om det for så vidt har dekning i måten SSB har lagt fram statistikken sin på (med titlar som "Stavanger i alt"). Kart: http://www.kvasir.no/kart/index.c?id=a_10000169307 og http://www.kvasir.no/kart/index.c?id=a_10000325244.

Trass i dei overnemnde vurderingane har eg ikkje gjort andre endringar enn oppdatering til 2006 og inkludering av Porsgrunn/Skien på oversikta. Algebracus 13:04, 30 Nov 2006.

Norge eller Noreg?[endre wikiteksten]

Hei!

Som ivrig leser av Stavanger Aftenblad har jeg i det siste stusset på en ting - er det Norge eller Noreg på nynorsk? Grunnen til dette er at avisen nå skriver Norge, ikke Noreg, i sine artikler på nynorsk.


Hei til deg òg. Det er nok Noreg som er den korrekte offisielle forma på nynorsk. Det er ei symbolform som målrørsla vil oppretthalde mellom anna fordi ho symboliserer at vi har to formelt jamstilte målformer her i landet. Men det er likevel ikkje alle som skriv nynorsk som brukar forma Noreg, kanskje fordi ho ikkje er særleg utbreidd i talemålet..--Erling 10:51, 28 juni 2007 (CEST)


Offisielle språk[endre wikiteksten]

Er ikkje samisk og teiknspråk òg offisielle språk? Kjell

Jo. Samisk hev vori det ei stund. Teiknspråk kom i Stortingsmelding nr. 35 (2007-2008), men eg kann syrgjeleg lite um korleis regjeringi arbeider. Um det at statsmeldingi er vedteke i statsråd kann kallast at språket er logfest som offisielt er eg ikkje viss på, men eg tvikar. Eg veit ikkje at samisk er jamsteld med norsk (båe former). Stortingsmeldinga inneheld ein del drøfting av nett kva som ligg i umgrepet "offisielt språk".
Eg legg til samisk i infoboksen.--Zjanes 1. august 2008 kl. 01:48 (CEST)[svar]

Avsnitt på feil stad[endre wikiteksten]

Mens eg jobbar med andre artiklar, kan dykk ha i bakhue denne rekkefølga:
4 Politikk
--4.1 Fylke
--4.2 Tettstader
--4.3 Topografi og klima
--4.4 Sjå òg
5 Økonomi
At "topografi" og "klima" kommer på rett stad, er viktigst, meiner eg. Sju hav (diskusjon) 4. august 2018 kl. 08:27 (CEST)[svar]

skal følgjande emne nemnast i denne artikkelen og/eller ...[endre wikiteksten]