Diskusjon:Noregsmeisterskapen i sjakk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er interesange artiklar som er godt skreve, men eg føler det kanskje vert for tynt og for mykje om kvarandre særleg noregsmeister og noregsmeisterskapen. føreslår difor å flette med artikkelen sjakk så vi kanskje kan få den merka som god artikkel?Anders 11:11, 21 juni 2007 (CEST)

Eg tykkjer ikkje at denne skal flettast med sjakk, men stoffet frå Noregsmeister i sjakk gjerne innarbeidast i denne artikkelen, med mindre det er planar om å utvide begge artiklane mykje? --Jorunn 13:25, 21 juni 2007 (CEST)
Samd med Jorunn. Det er ikkje heldig å gjere artiklane for lange, heller. - Knut
Det høyrest ut som ei god løysing, men ein liten del om sjakkturneringar som nemner NM høyrer absolutt heime i artikkelen om sjakk. --Ranveig 14:11, 21 juni 2007 (CEST)
Eg er for fletting. Om sjakk-artikkelen etter kvart vert for lang er det jo berre å skrive samendrag av underkategoriane for å linke til eigen artikkel. Men det er nok ikkje aktuellt med ein så kort artikkel. Lars 15:06, 21 juni 2007 (CEST)
Einig med Lars her. --Frokor 16:26, 21 juni 2007 (CEST)
Men om Noregsmeisterskapen skal flettast med sjakk, må vel òg andre artiklar som verdsmeisterskapen i sjakk flettast i same, og då ber det etter mitt syn galt av stad. For ungdom som nyttar wikipedia kan det vere uhøveleg med alt for mykje informasjon i ein artikkel (eg er ung i denne samanhangen): - Knut 18:14, 21 juni 2007 (CEST)
Kanskje ein kan flette saman sidene om sjakkonkurransar og ymse meistrar i ein artikkel som Konkurransar i sjakk/Meisterskap i sjakk/Sjakkturneringar eller noko slikt? No er det ganske uoversiktleg. I det minste bør det opprettast ein "Sjå òg"-bolk med lenkjer til dei andre sjakksidene i sjakkartikkelen. --Frokor 18:29, 21 juni 2007 (CEST)

Eg håper å kunne skrive vidare på det som eg no har starta på, tema: Sjakk, der målsettinga ikkje er stort meir enn at det skal vere interessant, rimeleg kort og poengtert, og med tilstrekkelege opplysningar for skuleelevar og andre som kunne vere interesserte i emnet. Så her kjem lenkjer og anna etter kvart som eg lærer. Ja, og så er målsettinga at nynorsk: sjakk skal vere betre enn bokmål: sjakk. Men rating vil eg ha som hankjønnsord. Uttale med A, ikkje på engelsk, er heilt vanleg blant sjakkspelarar, f eks med setningar som "Kva er ratingen din no?". OK? Eg rettar ikkje tilbake før eg får aksept på dette. Eg likar betre tittelen "Stormeister i sjakk" enn "Sjakkstormeister". Kan dette endrast? Helsingar, Egil Arne, nybegynnar

Velkommen! Begge framlegga dine er gode, i mine auge. --Ekko 07:27, 26 juni 2007 (CEST)