Diskusjon:Norsk Målungdom

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Fjerna møtereferat":

Sjølv om lista over sentralstyre og landsstyre kanskje bar litt preg, tykkjer eg det er ein idé å ha det med likevel. Dersom du ikkje vil at det skal stå slik, korleis vil du då at det skal gjerast?

Mi meining er at å nemne leiar er greit, resten av leiinga kan ein finne på heimesidene til organisasjonen. --Ekko 21:31, 19 mars 2007 (CET)
Ja -- dei vil truleg bli oppdaterte med jamne mellomrom. Det er ikkje like sikkert med wikipediaoppføring av NMU eller andre organisasjonar. Me prøver å ha så lite «dagsaktuelt» stoff her som råd -- det går så alt for lett ut på dato. --Ranveig 22:55, 19 mars 2007 (CET)

Partipolitisk tilknytting[endre wikiteksten]

Det høyrer absolutt med å seie noko om dette, men det som står her er etter mi meining ikkje heilt bra:

1. «På slutten av 1970-talet var kampen mellom ulike retningar på venstresida spesielt sterk innetter i organisasjonen. ... På 1980- og 90-talet fylgde dei politiske motsetnadane inne i organisasjonen partipolitiske skiljeliner i langt svakare grad enn dei gjorde på 1970-talet.»

Kor meiningsfylt er det då å visa til ein avisartikkel frå 1998?

2. «Mange i miljøet rundt sentralleiinga i Norsk Målungdom var på 1980-talet og 1990-talet medlemmer i AKP og RV, men disse organisasjonane hadde i lita grad språkpolitiske standpunkt som påverka NMU.»

Dette ligg tett opp mot sladder

3. «Framståande målungdomsleiarar som Roar Madsen, Hans Olav Brendberg, Håkon Kolmannskog, Magnus Bernhardsen, Sigbjørn Hjelmbrekke og Synnøve Midtbø Myking har alle vore medlemmer av RV eller RU»

Er dette eigentleg relevant? Er dei kjende i kraft av partimedlemskapen? Dersom ikkje, høyrer opplysinga med her? Kvifor er berre desse sju trekte fram, det dreier seg om ei periode på 30 år?

4. «Redaksjonen i Dag og Tid hadde i ein årrekkje vore kritisk til NMUs praktiske målpolitikk og dei sitt ideologiske grunngjeving for målstrevet»

Dersom dette skal vera med bør nokon utdype og komma med sentrale kjelder.

Spesielt dei tre første punkta gjev meg ei kjensle av at nokon vil gjera opp gamal usemje. --Ekko 09:43, 6 mars 2008 (CET)

Eg har no fjerna den verste sladderen (i tydinga personopplysingar utan kjelde). Etter mi meining bør det fleire kjelder til om resten skal få stå. --Ekko 20:55, 8 mars 2008 (CET)

Ny artikkel[endre wikiteksten]

Hei, eg har teke initiativ til å skrive ein ny NMU-artikkel frå botnen av. Som somme av dykk truleg vil kunne resonnere dykk fram til, kjem eg frå innsida av organisasjonen, og eg ser at det kan vere problematisk. Målet mitt er likevel å skrive ein artikkel som er så utfyllande og balansert som mogleg. Eg vonar de vil vere med på å byggje opp denne nye artikkelen i staden for å utvide ein artikkel der det tykkjest vere viktig kva Dag og Tid meinte i 1998. Eirik W. 30. mars 2010 kl. 13:21 (CEST)[svar]


«Kampsaker»[endre wikiteksten]

Hei! Som sentralt tillitsvald i NMU vil eg vera varsam med å meina for mykje om kva som bør stå om NMU på Wikipedia. Men eg har eit par spørsmål, som eg tenkjer kan vera lurt å tenkja over for dei som held denne artikkelen ved like.

Det eine er kor vidt «Målpolitikk» og «Allmennpolitikk» kan kallast kampsaker. Så vidt eg kan forstå, er det i grunn berre kategoriar, som andre kampsaker sorterer inn under. (døme på konkrete kampsaker: retten til læremiddel på nynorsk, betre sidemålsopplæring, oppheving av nynorskforbodet i VG og Dagbladet, nynorsk teksting på film og kino, etc, etc)

Det som står om Målpolitikk og Allmennpolitikk er også noko utdatert. Mykje av det som står refererer til den gamle tufta (prinsipprogrammet). NMU vedtok ny tuft på landsmøtet på Voss i mars, etter lengre tids veksande misnøye med den eksisterande tufta i organisasjonen. Den nye tufta finn de her: http://malungdom.no/politikk/tufta/

Eg kan også leggja til at jamvel om mange «pensjonerte» målungdomar kjenner seg igjen i inndelinga «eittspråkslina vs tospråkslina» eller «den nasjonale lina vs den sosiale lina / folkemålslina», så har desse omgrepa vore svært lite i bruk i organisasjonen dei seinare åra. Eg har null problem med at desse omgrepa vert nytta når tidlegare tiders faktiske linestrider vert skildra, men dei er lite relevante når dagens målpolitiske diskurs skal oppsummerast.

Som nemnt er eg altfor inhabil til at eg kjenner meg skikka til å gjera eventuelle endringar sjølv. Vonar nokon likevel ser på dei nemnde problemstillingane, og eventuelt gjer dei endringane som de sjølv meiner vil vera rette å gjera. Vebjørn 15. sep. 2012 kl. 21:30 (CEST)

For meg ser det ut til at Vebjørn har gode argument for synet sitt. At avsnitta er utdatert er lett å sjå: Å arbeide for nei-fleirtal i 72 og 94 står ikkje på dagsorden i dag, så dei formuleringane endra eg. Resultatet vart dermed ei setning som burde gå inn i eit historieavsnitt. Setninga "Somme har òg peika på at den historiske venstresidedominansen i organisasjonen kan ha bidrege til å knesetje dette nei-standpunktet, og at det såleis ikkje berre dreier seg om nasjonal sjølvråderett, men kan vere farga av politiske sympatiar i styret." finn eg også problematisk. Den målrørsla eg kjenner, både NM og NMU, samla nei-folk frå alle politiske parti, ikkje berre frå venstresida. Setninga gjev også inntrykk av at attom nei-standpunktet til "dei nasjonale" låg det eit fordekt, venstre-dominert nei-standpunkt fremja av "dei sosiale". Alle som kjenner diskusjonane mellom folka attom desse merkelappane vil sjå at dette ikkje gjev meining. Eit minstrekrav bør her vere å identifisere "somme", elles kan vi like godt fjerne den setninga. Trondtr (diskusjon) 17. september 2012 kl. 21:57 (CEST).[svar]
Hei igjen. Er det nokon som kunne tenkja seg å kika litt på dei tinga eg peikte på i september? Eg kan som sagt ikkje gjera det sjølv av openberre objektivitetsgrunnar, men eg har fått tilbakemelding frå fleire ulike hald (ikkje NMU) om at NMU-artikkelen på Wikipedia er veik og til dels direkte feil (det skal til dømes visstnok ha vore Norsk Tidend, ikkje Dag og Tid, som var pro-EU på 70-talet). Vebjørn (diskusjon) 14. januar 2013 kl. 16:27 (CET)[svar]