Diskusjon:Numedal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er kjelda for Rødberg som nordgrense? Store Norske seier Tunhovdfjorden, Bokmålswiki Dagali (som vel ligg i nordenden av Pålsbufjorden rett etter Tunhovdfjorden). --Ekko 22:48, 19 august 2007 (CEST)

Vel: Rødberg er staden der dalføra Nore og Uvdal møtest, og der elvene slår lag og samlar seg i Numedalslågen. Det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å rekne dalen lenger opp, men hovuddalføret byrjar der. Vassdraget til Numedalslågen strekk seg som kjent heilt opp i Skurdalen, som ikkje er rekna til Numedal i det heile.

Elles vil eg legge fram at det ikkje er nokon som seier "Numedalen" - det er ein danisme. Sameleis med "Hallingdalen". I dagleg språkbruk seier vi Numedal og Hallingdal, så det er vel rimeleg å redigere dette oppslaget attende til berre "Numedal". EGM.

Statens kartverk] har forvaltningsansvar etter lov om stadnamn. Når ein skal finne rett namn etter stadnamnregisteret nyttar ein Norgesglasset. Dei oppgjev Numedalen. --Ekko 10:46, 17 januar 2008 (CET)