Diskusjon:Nygle

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det nokon som kan svara på kva ordet "nygle" kjem av? Kvifor namnet nygle til å tetta botnholet med?

God kveld! Opphavet er uvisst, men det har kanskje samanheng med ordet 'nagl' (sjå 'nygle' i nynorskordboka). Ivar Aasen si Ordbog over det norske Folkesprog frå 1850 seier dette om nygla: "Tap i Bunden af en Baad, hvorved man laver Vandet rinde ud, naar Baaden lættes paa Land [...] Af Nagle. Dertil Ordsproget: 'D'æ itje vært te gjera Nygla før Baaten æ bygd, man maa først tenke paa det Nødvendigste'."
Viss ein slår opp på 'nagli' (norr. for nagle, spiker, propp) i Johan Fritzners Ordbog over Det gamle norske Sprog får ein opp fleire tekstar på norrønt. Eg er ikkje så driven i norrønt språk, men dei ser ut til å fortelje om bruken av negler frå dyr (okse, hest, osb.) til skipsbygging, slik som med Naglfar. Dei ser også ut til å nemne negler frå gudar og kongar som gode nygler. – Gaute snakk - epost - signér 14. mars 2016 kl. 00:24 (CET)[svar]