Diskusjon:Nynorsk i grunnskulen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er framleis misvisande. Nedgangen dei siste tiåra skjedde på 1990-talet, då skulemålsprosenten gjekk ned frå 17 til 14,9. "Det nye" må vel vere det som skjer på 2000-talet, for vi skriv då snart 2007. Og då ser ein at tendensen er stabilisering, med berre ein ørliten nedgang frå 14,9 prosent i 2000 til 13,9 prosent i 2005, som er det siste statistikk-året. Når det gjeld skulemålsrøystingar er oversynet ufullstendig, til dømes er ikkje to avrøystingar våren 2006 i Sunndal kommune, der nynorsk vann begge, med. Eg held fast på at det generelle biletet er relativt stabilt. Eg tilføyer ei setning om det. --Erling 07:03, 24 oktober 2006 (UTC)

Eg kan ikkje sjå noka kjelde for denne påstanden i teksten: "Talet på elevar på nynorskskuler som vel bokmål er også stigande, ofte eit forvarsel om målrøysting og deretter skifte av skulemål.". Bortsett frå kjeldefråvær: Det ligg også i setninga slik ho er ein påstand om at dette skjer nett no og i stigande grad, og at det er elevane sjølve som vel, medan det i barneskulen er foreldra deira, anten det er tale om skulemålsrøystingar eller parallellklassar. Den stabiliteten statistikken viser for skulemålet på 2000-talet tyder på at den siterte påstanden ikkje er haldbar. Eg tar bort setninga. --Erling 07:58, 24 oktober 2006 (UTC)

Nedgangen sidan 1990-talet er vist i kurva under. Datagrunnlag: Grunnskolens Informasjonssystem på Internett. Etter ei stabil (svakt aukande periode) fram til 1994, er minkinga deretter tydeleg (meir enn 3%) og jamn. Dette er noko Ottar Greipstad også trekk fram i kommentarane til Nynorsk faktabok 2005. No kjem tala for 2006 om kort tid, så kan ein sjå om minkinga har stogga.

Om målrøystingar så er nok det generelle bildet relativt stabilt, men ein stor overvekt finn stad i nynorskkrinsar og vert det målskifte er det då til bokmål. Sidan 2000 er det berre ein krins som har fått nynorsk fleirtal i målrøystingar. Når det gjeld nettopp denne, Sviland skulekrins i Sandnes, så har det vore to røysteomgangar, i 2000 or 2001. I den fyrste fekk ein knapt bokmålsfleital (51%), og krinsen skifta målform til bokmål. Året etter enda det med klart overtal for nynorsk (57%) og krinsen gjekk attende til nynorsk. Eit moment her er at i år 2000 var berre vaksne med skuleborn røysteføre, medan året etter var alle vaksne i krinsen røysteføre. Ein kan tale om ein rein omkamp i ein tradisjonell nynorskkrins. Eg set avsnittet noko endra attende i artikkelen.

No er det ein tradisjonell bokmålsskule, Fløro barneskule, som har endra målform til nynorsk i 2006, men det var mot fleirtalet til dei som røysta. Her vart det teke administrativ avgjerd om å omgå røysteresultatet, då skulen hadde ei stor overvekt av nynorskelevar. Det var såleis ei riktig avgjerd. Eg tek med ei linje om dette.

Når det gjeld antalet elevar på nynorskskuler som vel bokmål, så skal eg kome attende med døme på det og utelet utsegna førebels. Om det er elevane eller foreldra som faktisk veljer er flisespikkeri! --Eivindgh 11:41, 24 oktober 2006 (UTC)

Statistikken frå Grunnskolens Informasjonssystem , slik han blant anna er gitt att hos Bokmålsforbundet, viser blant anna dette: Prosentdel nynorskelevar 2000: 14,93, 2005: 13,92. Dette medan han minka frå 17,01 i 1994 til 14,93 i 2000. Det er då misvisande å tale om "nedgangen sidan 1990-talet", fordi mesta heile nedgangen i nyare tid var på 1990-talet, og sidan 1999 har stansa opp! Eg kan elles ikkje sjå at noka setning om overgangen til status som nynorskskule for Florø barneskule er sett inn.--Erling 14:27, 24 oktober 2006 (UTC)

Kurva over er laga av data direkte frå GIS, med talet på nynorskelevar delt på summen av bokmåls- og nynorskelevar, medan BF nyttar talet på nynorskelevar delt på alle elevar. Det er i begge høve ei vedvarande minking frå 1994, den største minkinga på eit tiår sidan 1960-talet. Om han er "mindre" er ei vurderingssak. Har nynorskandelen har stabilisert seg på 2000-talet? I snitt var minkinga 0.34% pr år 1994 - 2000 og 0.18% pr år 2000 - 2005, i beste fall kan ein seia at minkinga er mindre sidan år 2000, men frå 2004 til 2005 var det ei nedgang på 0.28%. Eg vil ikkje seia det er stabilt.

Sviland og spesielle tilhøve (frå nynorsk.no): "Foreldra i Sviland såg det som viktig å få tilbake nynorsk før bokmålet fekk "setja seg" som opplærings mål. Dei trødde til straks dei vart kjende med at det i dette tilfellet ikkje var naudsynt å venta i fem år for å røysta inn nynorsk att (sjå nedanfor). [..] Ved røystinga 4. mai 2000 (med røysterett berre for foreldre) vart det 56 røyster for nynorsk, 59 for bokmål. Foreldre i krinsen oppdaga 5 feil med manntalet og skreiv til rådmannen om dette. [..] Etter vedtaket frå utdanningsdirektøren påpeika Rogaland Mållag at det truleg kunne haldast ny røysting straks (unntak frå 5-årsregelen [..]). Lokal aktivistar samla straks inn underskrifter for krav om røysting og har fått inn om lag 330 undersrifter av dei 736 røysteføre. Kommunen bad utdanningsdirektøren vurdera kravet. Han kom til at 5-årsregelen ikkje gjeld i denne saka."

Eg ser ikkje heilt poenget med avsnittet frå Mål og makt. Denne artikkelen omtalar nynorsk i grunnskulen, ikkje bokmål. --Eivindgh 08:26, 25 oktober 2006 (UTC)

Det er eit veldig stort poeng med avsnittet frå Mål og Makt. Hovudargumentet til bokmålssida i alle målrøystingar og elles, ikkje er kor bra bokmålet er i seg sjølv, og faktisk i mindre grad enn før at nynorsk er dårleg i seg sjølv, argumentet er at nynorsken går tilbake, og bokmålet tilsvarande fram. (Altså at makt er rett). Derfor er det eit svært viktig poeng i denne samanhengen, og eg set det inn att. --Erling 10:15, 25 oktober 2006 (UTC)
Eg synes ikkje den grunngjevinga er relevant, dette er ikkje eit partsinnlegg i målstrida. Skal sjå på tilgjengeleg data, og let det stå førebels. Hvis du har Mål og makt-artikkelen elektronisk (fann han ikkje på heime-sida deira), kan eg få han pr mail? --Eivindgh 11:27, 25 oktober 2006 (UTC)
Vi er usamde om relevansen av poenget om at bokmålet ikkje kan rekne 100% minus nynorskprosenten som "sin prosent", då det ikkje tar høgde for dei ganske mange med norsk som andrespråk, som i hovudsak bur i bokmålsstrøka. Eg finn ikkje dette foredraget på nett, det vart halde på jubileumsseminaret til NM 4 februar 2006, og er som sagt gitt att i Mål og Makt 1-06. --Erling 13:27, 25 oktober 2006 (UTC)
Eg har kikka meir på data i GIS, og ser no poenget med framandspråklege elevar. Det er ca 6% av elevane som har "særskilt norskopplæring", men er usikker på om det tyder at alle dei har norsk som annanspråk. GIS, velj E. Spr. min. Skal sjå nærare på dette. --Eivindgh 09:44, 26 oktober 2006 (UTC)
OK. Takk for samarbeidet. :-) --Erling 10:04, 26 oktober 2006 (UTC)
Eg har kikka på desse tala igjen, og meiner Grepstad tek feil i sin analyse. I 1992 var det 77.9% bokmålselevar (- minoritetselevar), 17.7% nynorskelevar og 4.4% minoritetselevar, medan tala i 1999 var 77.5%, 15,3% og 6,9% (tal frå SSB). Dvs. at Bm har minka med 0.4%, medan Nn har minka med 2.4% i desse åra . Vidare var det i 2000/01 79.6% Bm, 15% Nn og 5.3% Min, og i 2007/08 79.6% Bm, 13.7% Nn og 6.4% Min (tal frå GSI). Dvs. at Bm ikkje har endra seg, medan Nn har minka med 1.3% i desse åra. (Tala frå SSB og GIS er ikkje samanfallande, veit ikkje kvifor). Det er difor meir korrekt å seie at "...frå 1990-åra av gjekk bokmål som førstespråk likevel mindre tilbake enn nynorsk som førstespråk, og bokmålet har vore stabilt på 2000-talet."--Eivindgh 17:54, 25 januar 2008 (CET)

Ikkje ein einaste elev i Hedmark med nynorsk? Gjeld tala i tabellen berre for grunnskulane? 08:16, 6 januar 2007

Eg tykkjer framleis det er feil å gå nærmare inn på berre eitt fylke i ein slik generell artikkel. Eg meiner teksten om utviklinga i Hordaland - som er spesiell mellom anna fordi den nest største byen i landet ligg der og har breidd seg utover - bør kome som eigen artikkel. Eg oppmodar Eivindgh til å opprette ny artikkel om utviklinga i fordelinga av hovudmål i skulen i Hordaland. --Erling 07:02, 30 oktober 2006 (UTC)

Eg meiner det må vera greiare å i tillegg leggja inn andre fylke i denne artikkelen, og skriva ferdig avsnittet om Hordaland. Til dømes kan ein ta med Rogaland, Telemark, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og/ eller Trøndelag, der nynorsken tradisjonelt har stått ganske sterkt, Nordland, som har nokre av dei mest nynorsk-nære dialektane, men svært få nynorskbrukarar og Oslo, der nynorsken truleg står sterkare no enn for femti år sidan. Då vil me få eit klårare bilete av korleis nynorsken verkeleg utviklar seg. Denne artikkelen er vel ikkje så stor at det er noko poeng i å stykka han opp? Og om ein tek vekk informasjon om einskildfylke, vil han jo heller ikkje veksa noko særleg i framtida. Men eg er samd i at Bergens-området ikkje er representativt for Hordaland, eller for resten av landet, og at statistikk frå Hordaland åleine er ein smule malplassert. --Tannkrem 08:34, 30 oktober 2006 (UTC)
Har du nokon som står klar til å bruke mykje tid her og no på å skaffe fram relevant info og skrive om dei andre fylka, då? Viss ikkje, høyrer det Eivindgh skriv om Hordaland heime i ein eigen artikkel, elles blir det skeivt. Er du sikker på at Hordaland med Bergen er eit representativt døme, for eksempel? Derimot kan han sjølvsagt leggje ein peikar frå der Hordaland er omtala i teksten i den generelle artikkelen til den nye teksten som går nærare inn på stoda der. Akkurat som han gjorde då han tok det han skreiv om nynorsk i grunnskulen ut frå den generelle artikkelen om nynorsk og laga ein eigen artikkel om det, i samarbeid med meg. Då får nynorsk-wikien fleire artiklar òg! --Erling 09:46, 30 oktober 2006 (UTC)
Tanken er å laga ein bolk om Hordaland, sidan nynorsken har stått og står sterkt som skulemål i dette fylket, samtidig som det har vore store endringar. I Bergen og kommuane ikring har nynorsken svekka seg, mens han har styrka seg i t.d. Odda. Det er såleis eit fylke som femner ulike trendar. Det er meint som ei byrjing, så får ein sjå om det er noko å utvide til å omfatte alle fylka med historisk og/eller noverande bruk av nynorsk som skulemål. Det vil i såfall seie alle fylka, unnateke Østfold, Oslo, Akershus, Vestfold og Finnmark. Eg ser at Oslo er nemnt som eit sterkare område for nynorsken, i følge GIS ligg prosenddelen med nynorskelevar på under 0.1%, i tal mindre enn 50 (av 50000+) dei seinaste 5 - 10 åra. Dette er jo meir enn 0, men ikkje mykje. Kanskje betre å lage ein bolk om nynorsken i fleire byar, det var jo t.d. òg ein kamp for å få han inn i Trondheim på 90-talet? Føler nokon seg kalla? Om dette veks seg stort, er det naturleg å lage ein eigen / eigne artikkel /-ar. --Eivindgh 10:02, 30 oktober 2006 (UTC)
Eivindgh skreiv: "Det er meint som ei byrjing, så får ein sjå om det er noko å utvide til å omfatte alle fylka med historisk og/eller noverande bruk av nynorsk som skulemål. Det vil i så fall seie alle fylka, unnateke Østfold, Oslo, Akershus, Vestfold og Finnmark." Nettopp dette er problemet. Vi kan ikkje på ubestemt tid ha detaljar om berre eitt fylke, som vi ikkje veit noko om representativiteten til, i denne artikkelen. Skulle det vere ein god case study, måtte vi vite at det var typisk. Og det veit vi altså ikkje. Teksten til Eivindgh høyrer altså heime som eigen artikkel, og det same gjeld tekstar om stoda og utviklinga i andre fylke, til dess at vi har gode artiklar om alle dei aktuelle fylka, og DÅ kan oppsummere og inkludere informasjonen frå desse i den generelle artikkelen om nynorsk skulemål. Dette ville vere den vitskapleg rette måten å gjere det på, og eg oppmodar Eivindgh sterkt om å opprette ein eigen artikkel om skulemålsutviklinga i Hordaland, med peikar frå den generelle artikkelen. --Erling 10:13, 30 oktober 2006 (UTC)
Det tok vesentleg lengre tid enn eg trudde, men no har alle fylka fått eigne omtalar om skulemålet med kart. Eg håpar at dei kan vere informative. --Eivindgh 27. november 2009 kl. 14:48 (CET)[svar]

Korfor så få?[endre wikiteksten]

Korleis kan ein forklare at så få kommunar vel nynorsk? Ta et fylke som Hedmark. Dei snakkar ikkje akkurat bokmål der. Det er vel berre i Bergen og området rundt Oslofjorden at talemålet ligg nærare bokmål enn nynorsk. --Oddeivind 10. september 2008 kl. 18:55 (CEST)[svar]

Opprydding[endre wikiteksten]

Det ligg no 16 utlenkjer i bolken kjelder. Ingen av dei er knytt til noko særskild punkt i artikkelen (dei er ikkje lagde inn som referansar). Det er kanskje greit nok å gjere det slik i heilt korte artiklar med ikkje meir enn eit par lause lenkjer i kjeldebolken, men i ein såpass lang artikkel, men så mange påståtte kjelder å leite gjennom vert det uteneleg. Å late lesaren leite gjennom 16 andre nettsider for å finne kor eit punkt i artikkelen er underbygd er ikkje bra leksikon.

Artikkelen manglar også vanleg oppbygging når det gjeld innleiinga (innleiinga skal kome før innhaldslista). --178.232.1.242 16. januar 2013 kl. 10:34 (CET)[svar]