Diskusjon:Nynorsk talemål

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rart artikkelnamn[endre wikiteksten]

Kvifor blei «eldre nynorsk» veld til artikkelnamn her? Kva er samanhengen med målsteget her og nå? Kunne «nynorsk målsteg» vori eit bedre val av namn? --KRISTAGAα-ω 24. august 2005 kl. 00:02 (UTC)

«Eldre nynorsk» vart vald fordi «nynorsk» er oppteke og omhandlar eit anna emne («moderne nynorsk»?). Du og fleire andre kan sikkert meir om samanhengen enn meg. Er ikkje så sikker på om «nynorsk målsteg» er noko betre namn, men som sagt så er det mange andre som kan mykje meir om dette enne meg, eg berre prøvde å rydda litt. --Guttorm 24. august 2005 kl. 07:31 (UTC)
Sidan artikkelen «Nynorsk» handlar om skriftspråket nynorsk og artikkelen «Eldre nynorsk» handlar om talespråket i det meste av Noreg (og nokre bitar av Sverige) sidan 1500-talet kunne ein òg kalle denne artikkelen «Nynorsk talemål». Ein kan sjølvsagt òg ha ein separat artikkel om ikkje-moderne nynorsk talemål. No finst det ein god del skriftleg materiale på eldre nynorsk som er nyttige i språkhistorisk samanheng, så ein kan òg opprette ein eigen artikkel om dette om nokon meiner dette trengst. -- Olve 24. august 2005 kl. 23:16 (UTC)

Norske dialektar[endre wikiteksten]

Er ikkje denne artikkelen samanfallande med artikkelen norske dialektar når det gjeld tema? --Oddeivind 10. september 2008 kl. 18:30 (CEST)[svar]