Diskusjon:Nyromantikken

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er jo ei liste (utan kjelder) og ikkje nokon artikkel. Eg veit de har slikt på bokmålssida, men er det verkeleg noko me vil ha? Og utan tekst og kilde blir det jo temmeleg «tuinga ut av vindauget». Harriet Backer og Allen Ginsberg i same tradisjon? --Ekko 12:45, 6 november 2007 (CET)

Ei liste kan vera ei god byrjing, men ofte blir det jo ikkje meir med det. Fordelen er at listene oppfordrer til artiklar om desse kunstnarane. Ulempa seier seg sjølv.
At temmeleg ulike folk kan bli kalla nyromantiske, har eg god tru på. I følge artikkelen på en: har uttrykket nærmast blitt brukt fram til våre dagar. Me bør finna ein god måte å dela inn artikkelen på: Geografisk som no, kronologisk, etter kunstområde (litteratur, musikk osb.), eller kva? --Ranveig 15:41, 7 november 2007 (CET)
Men skal me skjøna kvifor Backer og Ginsberg høyrer i hop, må det ein heilt annan artikkel til. --Ekko 18:49, 7 november 2007 (CET)
Til Anders. Det var Hamsuns meining at litteraturen skulle handle om ubevisst sjeleliv. (Jf. Programartikkel i første nummer av Samtiden.) Alle var ikkje av same meining eller praktiserte det på same måte som Hamsun. (Jf. t.d. Jonas Lie iTroldI og II, Garborg i Haugtussa og Kinck i Flaggermusvinger.) Eg sette inn tilvising til bokmålswikipedia, av di artikkelen på nynorsk-wikipedia er alt for tunn og bør utvidast. Til slutt: Litteratur skal ha dobbel-t. Venleg helsing Røven 22.06.09 kl. 17 45.
Har henta noko frå bokmålswikipedia. Men framleis er artikkelen for tunn. Røven 23.06.09 kl 09:20