Diskusjon:ORGU

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det som står under er kopiert inn frå Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting av Ranveig 23:25, 3 desember 2006 (CET)

Dette er truleg ein både reell og seriøs organisasjon, men han har 21 medlemmer og har eksistert i eit par veker. Ikkje leksikonverdig i mine auger. Kanskje om eit par år om han framleis finst? --Ekko 07:55, 16 oktober 2006 (UTC)

Har du ikkje orden på kalendaren? Eg vil heller påstå at det er nestan 7 MÅNADER...

Slutt på kopi frå Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting.


Om denne organisasjonen skal få ha artikkel -- noko eg synest er greitt nok, ettersom det ikkje finst ein større overartikkel han kan flettast inn i -- bør han vel ligga på Osterøy RaudGrøn Ungdom, som er litt lettare å forstå for utanforståande. --Ranveig 13:38, 18 desember 2006 (CET)

Som eit minimum bør han som gjenoppretta den sletta artikkelen bry seg nok til å argumentera for kvifor han (artikkelen altså) har livsens rett. Uansett så synest eg dette er for smått. --Ekko 18:08, 18 desember 2006 (CET)

Ja, argument og argument. Eg meiner at denne artikkelen har livsens rett, i likhet med alle andre organisasjonsartiklar. Ditt argument frå ei tid tilbake om at "organisasjonen berre er nokre veker gammal" var eit aldeles elendig argument, sidan du tok fullstendig feil. Den var jo mange månader gammal. Elles er eg nokså eining med Ranveig at det kanskje er betre at artikkelen bør heitande Osterøy RaudGrøn Ungdom.--Tore E. 21:36, 22 desember 2006 (CET)

Skal alle organisasjonar dokumenterast med leksikonartikkel? Det er eg sterkt i mot. Alt i verda er ikkje like viktig. Ein organisasjon som har eksistert i trekvart år og har 21 medlemmar er i mine auger lite viktig. Og du har faktisk ikkje kome med argument mot slettinga. At det kun finst ein artikkel som peikar til denne (den m leiaren) visar tydeleg at dette er eit perifert prosjekt utan særleg intresse. --Ekko 22:28, 22 desember 2006 (CET)
Einig i at dette verker for smalt. Ein annan peikepinn på dette er at det er svært få Google-treff på prosjektet. Me må få etterrettelege kjelder på at dette er kjend for at det skal kunna oppførast. Sletter igjen i denne omgang. --Ranveig 14:18, 7 januar 2007 (CET)