Diskusjon:Offshore

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Om eg har fårstått det rett er noko av føremålet med nynorsk Wikipedia å ta vare på det nynorske språket. Om dette stemmer vil eg rå til at denne artikkelen vert flytta til «Utaskjærs» og at «Offshore» vert omdirigert til «Utaskjærs». --Sigmundg 20:07, 5 november 2006 (CET)

Eg har ingen motførestillingar mot det, bortsett frå at "utaskjærs" ikkje er ein lovleg skrivemåte. Men eg meiner at både utanskjers (eller utaskjers) og offshore i så fall må stå med brei skrift, slik tradisjonen er med artiklar om ting som har fleire namn på engelsk wikipedia. --Tannkrem 20:14, 5 november 2006 (CET)
Utaskjers er betre enn offshore også fordi offshore har fått ei ny tyding dei sist par åra. Sjå «fremtiden_er_offshore». --84.48.46.73 20:21, 5 november 2006 (CET)
Trur eg er samd, men er ikkje heilt sikker. Uta(n)skjers er ikkje innarbeidd. Det står ikkje eingong på lista til språkrådet. (Lista gjev seg vel ikkje nett ut for å vera komplett på noko vis.) I fagterminologi bør ein balansera forsiktig mellom grundig oppnorsking og innarbeidde omgrep. Men offshore kan kanskje ikkje reknast for fagterminologi. Det er eit ganske kvardagsleg ord.--Sigbjørn 20:27, 5 november 2006 (CET)
Helge Sandøy skriv om dette på ei nettside hos Språkrådet, dessverre ikkje datert:
Mislykka avløysarord?
For ordet offshore (frå 1960-talet) blei det tilrådd frå Språkrådet å bruke omsetjinga utaskjers, men det har neppe fått stor bruk. Det kan vere fordi dei interessante eigenskapane ikkje blei godt beskrivne med utaskjers, jamvel om det engelske ordet heller ikkje seier noko meir. At det er knytt noko spesielt til miljøet og arbeidet, får ein ikkje fram med utaskjers. Dermed gjer filmserien på fjernsynet seg best som Offshore; da markerer ein noko spesielt. Men det engelske ordet offshore har heller ikkje blitt fullstendig dominerande, for ein taler like gjerne om oljeindustrien, og dei som arbeider på plattforma, arbeider på olja og reiser uti Nordsjøen på arbeid. Ein uttrykkjer seg altså ofte annleis enn med å bruke offshore eller utaskjers.
Ordlista [1]: verksemd eller segle utaskjers.
--84.48.46.73 20:42, 5 november 2006 (CET)

Utanskjers er innarbeidd nok. Folk i oljebransjen og folk i sjøfarten skjønar svært godt kva ein meiner når ein seier utanskjers. Eg kan ikkje sjå at ordet utanskjers er mislukka som avløysarord, sjølv om det er mindre brukt enn originalen.
Utanskjers er brukt fleire stader på nynorsk wikipedia. I tillegg står det her:

Dessutan:

Dei norske termane er m.a.o. godt innarbeidd, jamvel på departementsnivå. Det er mykje meir utbreidd enn svært mange andre avløysarord for engelske lånord. Utaskjers ser ut til å vera den mest vanlege nynorske versjonen, eg føreslår å flytta artikkelen dit. --Tannkrem 21:27, 5 november 2006 (CET)

Anten ein likar det eller ikkje, er "Offshore" eit ord som er flittig nytta innan norsk petroleumsverksemd. Ordet vert særleg flittig nytta i Stavanger. Mellom anna heiter ein skule Stavanger offshore tekniske skole. Oljemessa i Stavanger heiter Offshore Northern Seas (ONS). Ved Universitetet i Stavanger kan ein ta mastergrad i Offshoreteknologi. Kanskje "offshore" er døme på Tastaengelsk. Tastaengelsk er ei blanding av engelsk og stavangersk ... Eit døme på tastaengelsk er "sjøtling", av engelsk shutling. Ordet tyder trafikk mellom plattformene på eit oljefelt --Gunnernett 14:22, 6 november 2006 (CET)

Eg er overtydd av argumentasjonen og dokumentasjonen til tannkrem (sjølv om dei færraste treffa handla om olje og gass). Eg vil ha uta(n)skjers. Utaskjers er sikkert fint.--Sigbjørn 15:24, 6 november 2006 (CET)

Denne artikkelen ser for meg ut å handle om ordet offshore, og då gjer det inga meining å døype han om til noko anna. Om han skal flyttast til Utanskjærs må i såfall også heile artikkelen skrivast om, og kva er då vitsen? Hadde artikkelen handla om petroleumsindustrien til havs kunne namnet med god grunn diskuterast, men han handlar om ordet offhore og då kan han knappast heite noko anna. --Jorunn 15:55, 6 november 2006 (CET)

Om nokon skulle ynskja å skriva om utanskjers petroleumsverksemd eller utanskjers petroleumsteknologi, må ein gjerne gjera det. Offshore- artikkelen er ikkje så mykje meir enn ei fleirtydingsside med litt forklaring om ordet offshore. --Gunnernett 17:25, 6 november 2006 (CET)
Men ordet utanskjers er jo den norske versjonen av ordet offshore? Det er vel ikkje vanleg å laga ein artikkel om eit ord, og setja ein framandskspråkleg tittel på artikkelen? Eg kallar ikkje flow for gjennomstrøyming heller, og har aldri høyrt nokon seia ordet gjennomstrøyming når ein snakkar om flow. Men det er det norske ordet, og då bør det brukast på norsk wikipedia. Men det har ikkje allverda å seia for meg. No endrar eg artikkelen slik at det norske ordet òg er utheva, ikkje skråstilt. Så får me heller diskutera om både utanskjers og offshore bør stå i den første setninga, som eit kompromiss. --Tannkrem 20:27, 6 november 2006 (CET)
Eg tykkjer at «offshore» let dårleg på norsk og stemmer for «utaskjers». --Sigmundg (diskusjon) 7. august 2012 kl. 09:13 (CEST)[svar]