Diskusjon:Okkupasjon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etterson Tsjetsjeni er ein republikk i den russiske føderasjonen er kanskje ikkje den russiske «okkupasjonen» av Tsjetsjeni etter folkeretten ein okkupasjon. Framferda til den russiske hæren må vel likevel reknast med som eit dei mest brutale brota på menneskerettane i vår tid. Ikkje på noko tidspunkt har tsjetsjenarane bede om å verta innlemma i den russiske føderasjonen og har i over 200 år freista å fri seg frå den russiske okkupasjonen; dette har skjedd kvar gong Russland har stått svakt: 1785-1791, 1804-1813, 1877–1878, 1905, 1917, 1940 og no sist etter oppløysinga av Sovjetunionen. Burde ikkje denne forma for okkupasjon på ein eller annan måte synleggjerast i artikkelen Okkupasjon? Kva meiner andre?
Sigmundg.

Framferda til den føderale russiske hæren i Tsjetsjenia er forferdeleg, men dette er ein artikkel om okkupasjon i folkerettsleg meining, og derfor høyrer avsnittet ikkje til her. I ein artikkel om russisk historie, derimot...Eg fjernar avsnittet her, men oppmodar deg om å innarbeide det annanstad. Eg er ikkje usamd i innhaldet. --Erling 08:58, 24 september 2006 (UTC)

Jau, du har nok rett. Eg vat mykje i tvil om eg burde legga det inn her og det var difor eg for nokre månader sidan (eg ser at eg hadde gløymt å datere innlegget) spurte kva andre meinte. Skal grubla litt på kvar det kan hæva. Sigmundg, 24/9 2006.