Diskusjon:Oksavik

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen dukkar opp på søk etter namnet Oksavik, uten at det er noko informasjon av interesse i artikkelen. Den har to gangar blitt vandalisert. Foreslår sletting. Dette usignerte innlegget vart skrive av Oksavik (diskusjon · bidrag)

Det er ikkje heilt uinteressant kor eit slektsnamn stammar frå, og her er ein del andre artiklar om slektsnamn, sjå Kategori:Norske slektsnamn.
Dei andre grunnane du oppgjev (at artikkelen dukkar opp ved søk og at det har vore hærverk på han) er aldri grunnlag for sletting. --Jorunn 17. februar 2010 kl. 21:41 (CET)[svar]
Vi har ein rotete kategorisering og praksis på dette feltet. Skogstad vart sletta, så vidt eg minnest frå Kategori:Norske slekter. No er det vesensskilnad på å skrive om eit slektsnamn og det å skrive om ei slekt. Men vi kan trenge ei begrepsavklaring. --Knut 17. februar 2010 kl. 22:00 (CET)[svar]
Skilnaden her er vel at nokon har teke på seg bryet med å leggja inn presis informasjon om ein stad som har gjeve opphav til eit slektsnamn. Og me har vel ein praksis med å ha med artiklar om matrikkelgardar. --Ranveig 17. februar 2010 kl. 22:10 (CET)[svar]
Matrikkelgardar er utvilsomt leksikonverdige, ut frå vår praksis (Vi manglar enno vel 50 000 norske gardar, så her har vi vekstpotensiale :-)). Eg meiner prinsippielt at slektsnamn òg er leksikonverdige, det fint jo eit norsk etternamnleksikon i bokform. Men desse artiklane har enno ikkje funne forma si på wikipedia. Norske (og utenlandske) slekter kan òg vere leksikonverdige, men for at ei slekt skal bli leksikonverdig, bør ein etter mitt syn kunne vis til noko meir enn eit par onklar og tanter.
Slik artikkelen står no, kan vi ta vekk slettemerket. --Knut 17. februar 2010 kl. 22:24 (CET)[svar]
Då tok eg det vekk. Betre nå som den handlar om gården. --Oksavik 13. mars 2010 kl. 13:02 (CET)[svar]

Ut frå uttaleforma uksavikja, og at det på nokre kart står Oksavik, andre Oksavika, trur eg kanskje Oksavika er rett, slik at artikkelen bør flyttast. Artikkelen handlar jo no om garden, ikkje slektsnamnet. Kanske Brukar:Oksavik veit meir om dette? --Knut 17. februar 2010 kl. 22:43 (CET)[svar]

Kartverket har godkjend både Oksavik og Oksavika, vidareformidlar yr.no. Viss det eine er like rett som hitt er det ikkje naudsynt å flytte. --Jorunn 18. februar 2010 kl. 00:21 (CET)[svar]