Diskusjon:Olaf Solstrand

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slettediskusjon[endre wikiteksten]

Eg meinar sida skal behaldast sidan Olaf Solstrand — openbart — er ein viktig mann i teikneserie-Noreg. Ikkje naudsynt pga. av Donald-skrivinga, men på grunn av Nettserier.no, som har skapt grobotn for mange gode — og mange framtidide — teikneserieforfattarar i Noreg. Har skjønt at det er omtalte sjølv som har bedt om sletting, men såframt informasjonen på sida er rett vil eg seie den er verdt å behalde. --Tanketom 30. juli 2011 kl. 15:22 (CEST)[svar]

Sjølve artikkelen er heilt grei for nynorsk wikipedia etter mi meining. Veit nokon grunnen til at Solstrand sjølv vil fjerna han? HallvardLid 30. juli 2011 kl. 19:52 (CEST)[svar]
Ser ingenting med Solstrand som gjer denne artikkelen leksikonverdig. Skal alle som skriver Donald-teikneseriar og/eller driver små nisjenettstadar på fritida få ein wikipediaartikkel, blir det fort veldig mange artiklar her. Olaf Solstrand 31. juli 2011 kl. 15:10 (CEST)[svar]
Vel, det finst allereie mange døme på Wikipediaartiklar om personar som tradisjonelt ikkje vert rekna som leksikonverdige. Me kan ikkje skriva om alle, men me nektar ikkje ein artikkel plass dersom nokon har teke bryet med å skriva han, og han har utretta noko. Døme på det kan vera om nokon har skrive ei bok, gjeve ut ein cd, delteke i Idol... eller vunne ein pris for arbeid med teikneseriar.
Så akkurat dét tyder ikkje at artikkelen bør slettast.

Dersom det derimot er personlege grunnar til at Solstrand ikkje vil ha artikkel om seg sjølv, synest eg sjølvsagt at me bør respektera det. Men som wikipediaartikkel er han absolutt brukbar. HallvardLid 1. august 2011 kl. 19:32 (CEST)[svar]

Eit tvilstilfelle, det her. Eg heller mot slett, eg er einig med Brukar:Olaf Solstrand i at dette ikkje verker vera ein offentleg person. Samstundes vil eg berre minna om at ein person med eit brukarnamn kan vera, men ikkje nødvendigvis er den han har brukarnamnet til. Derfor er det best å ha objektive slettegrunnar, slik det forsåvidt er her. --Ranveig 1. august 2011 kl. 21:34 (CEST)[svar]