Diskusjon:Olav H. Hauge

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor er Hauge plassert i kategorien målfolk? --Ekko 12:11, 20 mai 2008 (CEST)

Eg meinar det er dekning for det her.[1] Hogne 12:50, 20 mai 2008 (CEST)
Det held ikkje, etter mi meining. Kjem truleg an på kva ein legg i målfolk, eg tenkjer da på ein som offentleg går ut for styrke den rolla nynorsken har i samfunnet. Og det gjorde vel ikkje Hauge? At han var ein av dei mest framståande (i tydinga beste) nynorskbrukarane me veit om er ein annan skål. For språkpolitisk aktiv var han vel ikkje? --Ekko 14:27, 20 mai 2008 (CEST)
Han argumenterte for sin målvariant, mellom anna med brevveksling. Noverande definisjon på målmann er: - ein som bruker og kanskje kjemper for nynorsk eller høgnorsk. Kva for definisjon nyttar du? Kva for kjelde nyttar du? Hogne 15:22, 20 mai 2008 (CEST)
Hm. Den definisjonen hadde eg ikkje lese. Etter mi meining ikkje brukande. Å definere målfolk som ein som bruker nynorskgjer det synonymt med nynorskbrukar. Kva for ord nyttar ein då om ein som sloss for nynorsken? --Ekko 20:20, 20 mai 2008 (CEST)
Eller kanskje endå betre: Kva kallar me ein som sloss for bokmålet? (kvifor er det alltid me som skal kjempe?) --Bep 21:33, 20 mai 2008 (CEST)
Kan vi ikkje i det minste vere samde om å slåss/slåst? Sloss var noe folk gjorde før i tida : ) («Slost», av «slo», er fortid, «slåst» av «slå» eller «slår» (evt «slæst» av «slær») er notid). -Knut 21:40, 20 mai 2008 (CEST)

Eg er elles samd i at vi bør stryke katoegorien målfolk om vi ikkje kan dokumentere at Hauge var ein tilhengjar av norsk målreising. -Knut 21:44, 20 mai 2008 (CEST)