Diskusjon:Ole, Dole og Doffen Duck

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det som står under er kopiert inn frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 14:52, 20 november 2006 (CET)

Originalnamn på fiktive personar[endre wikiteksten]

Var litt for freidig her og flytta på ein artikkel utan å lese flyttehistoria først, frå det engelske namnet på figurane til det norske. Etterpå la eg merke til at sida allereie var flytta *til* det engelske namnet av ein administrator, og at dessutan alle andre teikneseriefigurar ligger inne under originalnamn. Eg må vel først berre beklage dette og seie at dei som har rettar til det berre må flytte artikkelen tilbake dit den opphavleg var -- men samtidig vil eg spørja kvifor det er slik. Kan nokon gi meg ei forklaring på kvifor det er slik at artiklar om fiktive figurar (iallfall dei som ligg i Kategori:Teikneseriefigurar) er opplista etter originalnamn? Eg har ingen problemer med at det er slik, eg er berre nysgjerrig, då det var uvant praksis for meg. Olaf Moriarty Solstrand 01:13, 6 november 2006 (CET)

Det er retta. Sjå Originale eller omsette namn. Og seriøse brukarar er altid velkomne, freidige eller ikkje. --Ekko 08:57, 6 november 2006 (CET)
Dette er ikkje ein praksis me er blitt einige om (sjå òg Diskusjon:Hermione Granger og Kategoridiskusjon:Harry Potter). Elles på nn: er det vanleg at artiklar ligg under det namnet dei er kjende under. Det burde også gjelda for kjende og kjære teikneseriefigurar som Ole, Dole og Doffen. --Ranveig 12:13, 6 november 2006 (CET)
Svaret mitt til Solstrand blei litt kort, eg burde klart ha poengtert at me ikkje er heil einige (men debatten eg sendte han til har peikarar til de sidene du peiker på (fint ordspel!). Men meir seriøst; eg heller meir og meir mot eit framlegg om å ikkje ha nokon fast line i dette spørsmålet. --Ekko 15:30, 6 november 2006 (CET)
Einig. Det er uansett mange ulike syn og kjensler ute og går om kva som er «rett». Men i dette høvet synest eg som Olaf at me bør bruka dei norske namna. --Ranveig 19:21, 6 november 2006 (CET)
Eg har forresten ytra meg i Diskusjon:Hermione Granger i dag, for dei som er interesserte i å krangla meir om temaet. Men debatten burde kanskje like gjerne liggja her, eller på Diskusjon:Fiktive namn på originalspråket eller noko slikt. --Tannkrem 20:32, 6 november 2006 (CET)